Tjuvar gjekk meir eller mindre amok i dei to kommunane Flora og Bremanger natt til søndag. Tjuvane braut seg først inn i ein bilverkstad i Florø sentrum. Der fann dei nøklar til ein bil og tok ut i denne.

Dei kom til ferjeleiet Kjelkenes i Bremanger, men der punkterte den stolne bilen. På ferjekaia vart fire bilar ramponerte og ein båt stolen. Med båten tok dei seg til Kalvåg, der dei braut seg inn i ein kolonialbutikk og i ambulansebåten < >.

Båten som vart stolen på Kjelkenes vart i går funnen i Florø. Politiet reknar med at det er same folka som har stått bak heile raidet, og set dei tre som vart pågripne tidlegare i dag i samband med innbrota og hærverka.