Mannen, som skal vere i 40-åra, er frå Sogn. Han har i natt sete i arresten i Sogndal. Det har vore gjennomført fleire avhøyr av den mistenkte, og avhøyra vil halde fram utover dagen.

82-åringen blei funnen sterkt forslått i halv tre-tida går ettermiddag. Ein tilsett i barnehagen som er næraste nabo til den skadde, høyrde han då rope om hjelp. Truleg har det grove ranet skjedd eit par timar tidlegare.

Politiet ønskjer ikkje å gå ut med opplysningar om årsakene til at 40-åringen blei arrestert.

— Det er eit sett av opplysningar vi hadde som gjorde at vi gjekk til pågripinga. Men vi er framleis svært interesserte i opplysningar frå publikum. Etterforskinga er langt frå avslutta, understrekar Luster-lensmann Asle Karoliussen.

82-åringen er kraftig forslått, og blei i går lagt inn på sjukehuset i Lærdal. I dag skal politiet også formelt avhøyre 82-åringen. Først då vil det truleg bli klart kor mange pengar som blei stole under ranet.

RAN: Politiet har sperra av området rundt huset til den 82-årige mannen.
Foto: Arne Eithun, NRK Sogn og Fjordane