ÅDNE LUNDE

Den omkomne, som var i trettiåra, var i eit følgje på seks padlarar, og han var den første av dei seks som la ut i elva klokka 15.00 i går ettermiddag.

Stri elv

Elva er smal og går svært stri der mannen sette utfor og vart borte for venene sine. Seinare vart redningsvesten hans funnen lenger nede i elva. Politiet vart varsla og sette straks i gang ein leiteaksjon.

— Eit mannskap på rundt 20 mann frå Raude Krossen og politiet leita etter padlaren i den stride elva, seier operasjonsleiar Leif Bell i Sogn og Fjordane politidistrikt til BT.

Også eit helikopter var med i søket. Bøyaelva er stri for tida på grunn av stor snøsmelting i det varme vêret, og søkjearbeidet var vanskeleg. Ved 19-tida i går kveld brukte leitemannskapet grabben på ein gravemaskin i elva for å skapa ein kunstig kulp i stryket, for å letta leitearbeidet, og rundt klokka 20.00 klarte dei å få i land den omkomne som framleis sat fast i kajakken sin.

Fleire dødsfall

Sommaren i fjor omkom ein nederlandsk padlar i same elvestryket. Dei italienske padlarane skal ikkje ha visst om dette då dei la ut på den fatale turen.

— Det blir stadig padla nye elvar i Noreg, og når nokon har padla ei ny elv vert det laga ei svært nøyaktig skildring og gradering av kor vanskeleg den er å padla, som er tilgjengeleg på Internett, seier Sven Nordby Anderssen, generalsekretær Norges Padleforbund til BT.

— Burde ikkje slike farlege stader merkast?

— Det er eit vanskeleg spørsmål, fordi det er mange stryk som kan vera potensielt farlege, seier Nordby Anderssen.

Enorm kraft

Han fortel at rutinen ved førstegongs padling av vanskelege stryk er å ha to mann på land, klare med kasteliner og redningsutstyr.

— Eg trur også at mange utanlandske padlarar blir overraska over krafta i norske elvar. Dei treng ikkje vera teknisk verre å padla enn det dei er vande med, men vassmengdene er så mykje større, seier han.

STRID ELV: - Eit mannskap på rundt 20 mann frå Raude Krossen og politiet leita etter padlaren i den stride elva.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH