Ingbjørn Steen er blant dei som heilt har mist sansen for antennesveis-reklamen på TV.

– Jammen sa seg god underhaldning og dårleg underhaldning med og utan digitalantenne, seier han til bt.no.

Signal

– Her er det elendig underhaldning same kva slags antenne ein testar ut, legg han til.

– Og godt signal?

– Bordantenna mi indikerer 85 prosent signalstyrke og topp kvalitet. Ei svær antenne som Post— og teletilsynet kom drassande med, viste minimal signalstyrke. Og ei slik antenne vil neppe nokon ha i huset om ho var aldri så signalsterk. Antenna er på storleik med ein elg!

Bortforklaringar

– Kva seier dei hjå kundeservice?

– Forklaringane spriker. Nokre seier at signala er for svake, men du kan også treffa på operatørar som seier at dei er for sterke. Poenget er å servera bortforklaringar til kunden gir opp og legg på. Det gjeld særleg oss som berre har kjøpt digitalboks, og ikkje har kundenummer hjå riks-TV, seier Steen.

Mange instansar har vore kopla inn, men ingen tek fatt i problemet og ryddar opp, seier han.

Blir lurt

Steen har også inntrykk av at TV-forhandlarane utnyttar situasjonen. Ein av naboane kom heim med flunkande nytt TV-apparat og ny antenne etter råd i butikken. Men resultatet er like elendig på den nye TV-en som den fullt brukande gamle, seier Steen.

– Kor elendig?

– Hjå meg er det så elendig at eg berre måtte skru av handballkampen, sjølv om han var spanande og eg gjerne skulle sett han. Problemet er at heile systemet er ustabilt, variabelt og upåliteleg. Ein veit aldri om TV-kvelden vert til glede eller fortviling.

**Les også:

Interferens mogeleg årsak**

DÅRLEG UNDERHALDNING: – Ikkje mykje antennesveis i dette nabolaget, demonstrerer Ingbjørn Steen på Hjeltnes I Ulvik.
Arne Hofseth