Spenninga er til å ta og føle på når ferske førsteklassingar møtte opp til første skuledag på Landås i dag. Det regnar, og eit hav av fargerike barneparaplyar samlar seg framfor inngangsdøra til Landås skule.

Gler seg til friminutt

William Berentsen Willasen (6) kjem utan paraply, men godt innepakka i regnklede. I likskap med dei nye klassekameratane, har han mor og far på slep. Far med filmkamera, skulestarten må dokumenterast.

Far til William er ikkje den einaste med kamera i dag. 3139 andre førsteklassingar tok til på første skuledag i Bergen i dag.

William fortel at han kjenner seg sånn passe budd på skulestarten. Han er ikkje så godt kjend med skulebygget, men kjenner i alle fall ein gut i klassen over. Han har fått ny skulesekk, men gler seg mest til friminutta.

Dessutan er han langt ifrå kunnskapslaus, når han no tek til på ti års grunnutdanning.

— Eg kan ganske mykje om elektrosjokk, fordi eg har sett på teikneseriar om robotar. Transformers, altså.

Snakka til foreldra

Vel innandørs kan rektor Børje Helander ønskje dei nye elevane velkomne, og presentere seg sjølv som «sjefen over alle sjefar» på Landås skule. No er det ikkje på liksom lenger, seier han. No er dei skuleelevar.

Han lovar at alle skal få lære mykje, men at då må foreldra vere med på laget. Det er ikkje berre borna som må bu seg på å jobbe.

— Er de klare, foreldre? ropar rektoren.

Foreldra svarer bekreftande.

Femteklassingane skal vere fadrar. Dei har gått på skulen lenge, og har erfaring. No står dei i gule luer og syng «vi kan være venner, og halde hender».

Førsteklassingane står stille og lyttar, mange tett inntil mor eller far.

Spent og glad

Så er det på tide å dele inn i klasser, eller grupper. Alle gruppene har eit namn etter eit dyr.

Midt i klynga av born og foreldre står dei to venninnene Lotte og Lena. Dei skal i kvar si gruppe, Lena i Markmusgruppa og Lotta i Pinnsvingruppa. Dei stiller seg i kvar si kø og vinkar til kvarandre.

Lengre borte står Ela. Ho har fått beskjed på førehand om at ho skal gå i Haregruppa. I likskap med William har ho fått ny ryggsekk og nytt penal.

No er ho er spent, kan ho fortelje. Ho veit ikkje heilt om ho vil klare å lære seg alt ein må lære på skulen. Men ho gler seg til å lære å lese.

— Dessutan kjenner eg tre klassekameratar, seier ho, før namnet hennar blir ropt opp. Ho tek både rektor og lærar i handa og helsar.

Saman med William, Lotte, Lena og resten av førsteklassingane går ho vidare inn til klasseromet. Får tildelt ein skrivepult, og er på veg inn i framtida.

FØRSTE SKULEDAG PÅ LANDÅS: Lotte Maria Villa Ognedal og Lena Kracht, saman med foreldre Bjørn Helge Ognedal (t.v.), Maria Louisa Ognedal, Lars Kracht og Anja Kracht.
Tor Høvik