Frå siste halvdel av 90-talet har andelen utanlandske kvinner lagt på rundt 50 prosent. Saman med Midt-Troms og Vest-Finnmark er Florø-senteret på topp av lista. I fjor budde 11 utanlandske kvinner på senteret.

— Dette er noko som har auka på dei siste fire åra. Før hadde vi berre ei eller to utanlandske kvinner per år, seier leiar Liv Teigen ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane som ligg i Florø.

Menn med problem

Mange som ønskjer seg ei utanlandsk kone, er normale menn med gode hensikter. Men dei kvinnene som kjem til krisesentra har møtt ein annan type, ein type menn som ofte har psykiske problem eller rusproblem. Ikkje sjeldan bur han framleis heime hjå foreldre, og valdtek, slår eller terroriserer.

— Kvifor peikar Sogn og Fjordane seg så kraftig ut?

— Fylket vårt er jo grisgrendt, og det er mange kvinner som flytter vekk frå bygdene. Så i forhold til andre fylke er det kanskje fleire menn her som skaffar seg ein «postordrebrud» enn andre stader i landet, trur Teigen.

Opptil fem kvinner

Ifølgje Krisesentersekretariatet finst det norske menn som har henta heim kvinne nummer fem i rekkja. Mannen til thailandske «Nona», som i dagens avis fortel si histore, er no på jakt etter si tredje.

Overfor NTB etterlyser Krisesentra debatt rundt dette problemet. Har dei budd her mindre enn tre år, risikerer dei å bli tvangssende tilbake til heimlandet. Dette spekulerer ofte mennene i.

— Desse kvinnene, som ofte kjem frå storbyar i Asia, har ikkje noko sosialt nettverk her i landet. Mennene deira vil ikkje at dei skal vere yrkesaktive, og utnyttar at ho er økonomisk avhengig av mannen sin, hevdar Teigen.

Heller ikkje UDI kan åtvare utanlandske kvinner mot norske menn med ei kriminell fortid. Dei har teieplikt i Norge, i motsetnad til nabolandet der det svenske utlendingsdirektoratet etter årelang debatt har fått innsyn i strafferegisteret.