I berre tre av dei største byane i Noreg er ein senterpartist representert blant dei folkevalde. I Bergen sit Ove Sverre Bjørdal utan nokon partikameratar. Held oppslutnaden seg som på den siste meiningsmålinga i BT blir det slik også etter kommunevalet i haust.

På Senterpartiets landsmøte i helga er Bjørdal ein av fleire som har tatt til orde for ein tydelegare politikk retta mot byfolk. Han er ikkje nøgd med 1,3 prosent oppslutnad i Bergen.

— Halvparten av innbyggjarane i Hordaland bur i Bergen. Me kan kjempe mot sentralisering til me blir gule og blå, men skal me vekse, må me ha større appell i by. Me må snakke om saker som er aktuelle der, seier Bjørdal.

— Må eige storbysaker

Laurdag diskuterte Senterpartiet programmet «Gode nærmiljø» på landsmøtet. Ordet «bonde» er ikkje nemnt, men framleis meinte nokre frå talarstolen at det luktar for mykje fjos.

Bjørdal hadde ønskt seg eit eige bypolitisk manifest.

— Me har ikkje eigarskap til saker som er viktige i storbyane i dag. Det må me ha om me skal vere eit parti for både bygd og by - slik andre parti er.

Ikkje berre fronte rovdyr

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe frå Hordaland meiner Senterpartiet slit med fordommar. Også ho har sitje som einaste Sp-representant i bystyret i Bergen. Ho meiner partiet har ein tøff jobb framfor seg når dei berre har tre folkevalde i bykommunar rundt ein fjerdedel av norske innbyggjarar bur.

— Det er viktig at me drar opp andre sider enn dei me tradisjonelt framhevar. Jordbruk er viktig, men me treng ein tydelegare politikk på skule, klima, helse og kultur. Det prøver me på med programmet me diskuterer her, seier ho.

Toppe kunne likevel ønske seg endå meir innsats frå partileiinga.

— Partiet må tenkje på når dei skal fronte ei sak. Om ein gong på gong frontar saker om rovdyr og mjølkepris, gjer det oss kanskje meir uinteressante. Me må ha god balanse, og der kan leiinga bli betre, seier ho.

Mat framfor landbruk

Partileiar Trygve Slagsvold Vedum trur ikkje Senterpartiet treng å gjere store endringar i sin profil for å trekkje til seglk. Han meiner det kan vere nok å kommunisere politikken ut på ein annan måte.

— Fordommane mot oss, kan også vere ei mogelegheit. Eg lever godt med fordommen om at me er eit landbruksparti. Landbruk handlar om mat, og mat er eit tema som burde ha klangbotn også midt i Bergen sentrum, seier han.

Vedum har tru på at rein og kortreist mat kan vere ei sak Senterpartiet kan slå seg opp på. Det har det vore for Centerpartiet i Sverige.

— Eg meiner me må dyrke det me er, og ikkje prøve å vere noko anna, seier Vedum.

Men at partileiinga kan gjere meir for å profilere Senterpartiet breiare, kan han likevel gå med på.

— Når målingane ligg på rundt seks prosent nasjonalt, er me ikkje gode nok. Me har meir å gå på, til dømes i Oslo, spesielt opp mot innvandrarmiljøa. Me har politikk som ligg dei nærare enn kva mange andre parti har, men me er ikkje flinke nok til å få det fram, seier Vedum.