Den 45 år gamle ingeniøren er fullt klar over at det endå er mange hindringar og år fram til ei eventuell realisering av det 28,5 milliardar kroner dyre prosjektet.

Men han gir ikkje opp håpet om å kunne reisa med tog frå Bergen til Oslo på 2 timar og 25 minutt eller frå Haugesund til Oslo på 2 timar og 3 minutt i opptil 300 km i timen, for 42 prosent av strekningen sin del gjennom tunnel.

— Det er godt driv over arbeidet vårt no. Men vi må få meir fart på Bergen, Haugesund, Drammen og Grenland, seier Jörg Westermann, ein velrespektert tysk ingeniør som har budd 20 år på Vestlandet.

Norsk Bane AS

I Haugesund onsdag styrte Westermann stiftingsmøtet for Norsk Bane AS. Selskapet er etablert med ein aksjekapital på 1,3 millionar for å bearbeida både traséplan og politikarar.

Hovudaksjonærar er kommunane Sauda, Suldal, Vinje, Odda og Tokke. Utanom Odda kommune sin aksjepost på 100.000 kroner er det berre eit par private Hordaland-aksjonærar, frå Stord og Bergen.

— Prosjektet er mindre latterleggjort enn før. Vi blir tekne meir og meir på alvor. Prosessen vil ta tid, og kostnaden er høg. Men slik var forholdet også då Bergensbanen blei bygt, seier Odda-ordførar Toralv Mikkelsen til Bergens Tidende.

— For oss vil det bli ein heilt ny situasjon å kunna gå på toget i Odda og vera i Oslo på 1 time og 45 minutt. Eg er neppe ordførar når det skjer, legg Mikkelsen til.

Bergensbanen intakt

Jörg Westermann er lei seg for at Bergen kommune ikkje ein gong har gitt svar på invitasjonen til aksjeteikning. Han fortel at Haukelibanen ikkje blir ein stor konkurent til Bergensbanen.

— Bergensbanen er først og fremst eit lokal- og reginonalsamband. Haukelibanen vil ta berre to prosent av dei som reiser mellom ytterpunkta på Bergensbanen. Derfor har vi lagt inn 20 millionar kroner i årleg kompensasjon til Bergensbanen for at han ikkje skal bli skadelidande, seier Westermann.

— Folk trur at Noreg er eit lite land med lite trafikk og høge byggjekostnader. Faktum er at nordmenn reiser ofte og langt, og landet er heldig som kan byggja stabilt og billeg i tunnel. Ein tunnel på Vestlandet kostar rundt halvparten av prisen på ein tilsvarande strekning i dagen i Tyskland, seier Jörg Westermann.

Den tysk-norske ingeniøren nyt respekt i Tysklands jarnbanemiljø. Det tyske konsulentfirmaet DE-Consult har i ei vurdering av Haukelibanens detaljerte planar konkludert med at prosjektet kan forsvarast både teknisk, bedriftsøkonomisk og samfunnsøkonomisk.