TERJE ULVEDAL

terje.ulvedal@bt.no

Ifølgje invitasjonen skal kongefamilien vitje Aurland, Balestrand, Flora, Gulen, Sogndal, Vik og Årdal.

— Val av kommunar er gjort i samråd med Slottet. Bakgrunnen av at fleire av desse kommunane ikkje tidlegare har hatt besøk av kongefamilien, heiter det i ei pressemelding som vart sendt ut måndag føremiddag.

Fylkesmann Oddvar Flæte trur på kongebesøk neste sommar, etter det han karakteriserer som ein god dialog med Slottet. Men han understrekar at kongefamilien må vurdere sitt øvrige program for år 2002, før det vert endeleg avgjort om besøket let seg gjennomføre.

Eit hovudtema under kongebesøket vil vere 800-års jubileet for Vangen kyrkje i Aurland. I tillegg vert det lagt vekt på å vise fram Gulatingstaden, tusenårsstaden i Sogn og Fjordane.