Den 20 år gamle nordfjordingen ville absolutt prøve den gromme sekshjulsdrivne, motoriserte terrengsykkelen av type Polaris Big Boss 6X6 som broren hadde lånt med heim frå arbeidsgjevaren sin.

Prøveturen enda med brekt lårbein, stivt kne og øydelagt kjøredoning.

Eigen vilje?

Det var i fjor sommar at 20-åringen frå Gloppen sette seg bak styret for å ta ein prøvetur over til besteforeldra på den spesielle terrengsykkelen. Ifølgje Nordfjord tingrett heldt han ein fart på rundt 25 km/t, som er identisk med toppfarten på sykkelen.

I ein asfaltert bakke ville han svinge ut til høgre for å stanse og snu.

Skal ein tru mannens forklaring for retten, må doningen deretter ha oppført seg omlag som eit sekshjuls monster med eigen vilje.

For ifølgje dommen kjentes det nemleg som om kjøretøyet vart dratt ut av vegen, og da 20-åringen forsøkte å bremse heldt køyretøyet stø fart og kurs rett fram og inn i eit tre.

Seks hjul ikkje bra

På førehand hadde 20-åringen blitt fortalt at sekshjulsdrifta ikkje måtte koblast inn ved kjøring på veg. Ifølgje forklaringa i retten kan han ikkje utelukke å likevel ha komme borti knappen som koblar inn sekshjulsdrifta.

Retten peikar på at køyringa skjedde under fine kjøreforhold på tørr og nesten rett veg. Ingen uventa eller brå situasjonar som kan forklare ulykka oppstod.

— Når tiltalte i dette tilfellet har kjørt ut av vegen og inn i et tre, legger retten til grunn at dette skyldes at han ikke har avpasset kjøringen og ikke har utvist den oppmerksomhet som var påkrevd i situasjonen, skriv tingretten, og ser vekk fra at ein teknisk svikt på kjøretøyet har skulda for uhellet.

Dermed må 20-åringen betale 2000 kroner i bot pluss 1000 i sakskostnader. I tillegg til lårbeinsbrotet er han enno stiv i kneet som følgje av episoden, framgår det av dommen.