Av mange sære, norske sommarfestivalar, konkurrerer nok Uniformens Dag i toppskiktet om å vere den særaste. Her møtes uniformfestisjistar frå heile Sunnfjord og halve verda for å vise seg fram i finstasen, fortelje om uniformane sine, utveksle historier om bakgrunnen for uniformane — og more seg saman med andre likesinna.

Sidan første gongen i 2003, har festivalen blitt eit årleg føretak. I fjor mønstra han 70 ulike uniformar frå halve kloden, i år håpar Haave på endå fleire.

Gleder og tragediar

— Uniformens Dag kan høyrest noko sært ut. Men for meg dreier det seg om å få fram noko av uniformens historie i kongeriket og kunne vise både gleder og tragediar knytta til uniformens bruk. Spesielt håper eg at vi får besøk av mange av dei få attlevande krigsveteranane, og at dei kan fortelje om sine opplevingar knytte til uniformen. Det er lett å gløyme at det nettopp er desse å takke at vi kan leve våre feittflytande liv som vi gjer her i landet i dag, seier Haave, som håpar at årets uniformsdag også vil kunne vise fram stalinuniformar, maouniformar, castrouniformar - og mange frå Frelsesarmen.

Russisk gåve

Sjølv lovar han å stille i sin eigen vannskuteruniform, som har si spesielle historie:

— I 2001 sto eg på vannskuter 100 mil frå norskegrensa og inn til Murmansk. Meininga var eigentleg at eg skulle gjere det heilt frå Kirkenes, men det ville ikkje Redningssentralen i Bodø ha noko av, og sette politivakt på meg i to døgn, slik at eg aldri fekk sjøsett skuteren. Den russiske nordflåten derimot, syntes dette berre var morosamt, og møtte meg med honnør då eg kom fram. Dagen etter fekk eg levert ein admiralsuniform på hotellrommet, utan at eg veit kven som var gjevaren. Eg likar å tru at det var frå nordflåten sjølv. Eg bytta ut ubåtsymbolet med eit vannskutersymbol og utnemnde meg sjølv til vannskuteradmiral. Samtidig utnemnde eg to majorar til admiraleriet, og saman er det vi som står for heile festivalen og suverent avgjer kven som skal få prisar i dei ulike klassene vi premierer gjestane sine uniformer i.

Så var det også i Russland interessa for uniformar vart vekt. I løpet av dei siste fem åra har han vore 8-9 gongar i landet, og har i følge seg sjølv først no byrja å forstå kvifor russarane endå - 15 år etter kommunismens fall - er så opptatt av uniformar.

Havves eigen fascinasjon for uniformar kan lett få ein til å tru at vi har med ein gammal yrkesmilitær å gjere. Det er eit stykke unna sanninga. Den fargerike høgrepolitikarens militære karriere blei heller kort, og i vernepliktsboka har ein eller annan skrive den vennlege attesten:

«Haave er ubrukeleg i krig og livsfarleg i fredstid».

Navy Vocalis

I år skal også KNM Hitra kaste ein ekstra glans over Uniformens Dag. Klokka 14 laurdag er skipet venta inn på hamna i Stavang med marinekoret Navy Vocalis frå Håkonsvern om bord, og som vil stå for det kunstnariske innslaget. Haave håpar på at Hitra vil bli møtt av ein armada med småbåtar når det kjem inn. Etterpå blir det åpent skip ved Ubåt-kaia, som han kallar kaia i Stavang, før førdegruppa BBO spelar opp til dans.

— Eigentleg skulle eg hatt ein ubåt på plass her, som museum med overnattingsplassar, men har ikkje fått løyve endå. Å kalle kaia Ubåtkaia, er første steg på vegen mot dette. Eg kjem aldri til å gi meg på det.