Åtteåringen var slutta å puste da han kom fri snømassane, men vart redda av ein lærar som tilfeldigvis kunne førstehjelp.

Da ambulansen kom fram, hadde guten fått tilbake pusten, og han kom frå skrekkopplevinga utan varige mein. Vi har gått gjennom det som skjedde, og ser at det vil vere veldig nyttig at alle er godt oppdaterte på førstehjelp, seier Rektor Åge Stafsnes til NRK Fylkesnytt.

Det er ulykka 19. desember som har trigga ideen om eit årleg førstehjelpskurs ved skulen. Vi har 270 barn som er i leik og aktivitet kvar einaste dag, så eit slikt kurs vil vere nyttig, meiner rektoren, som har fått samtlege tilsette med seg på tiltaket.

PER MARIFJÆREN