Seint natt til søndag køyrde mannen i 20-åra utfor vegen i ein sving to-tre kilometer frå Folgefonna Sommar Skisenter. Bilen blei hengande igjen etter det eine hjulet på ein knaus.

— Ikkje teikn til liv

Lars Bjerke frå Lommedalen var blant dei første som oppdaga bilen då han var på veg opp til skisenteret saman med barna sine.

— Eg blei bekymra med ein gong, og måtte ut og sjå. Det såg temmeleg dramatisk ut. Bilen hang på knausen etter det venstre framhjulet, som stod rett ut, seier Bjerke, som var på Folgefonna i samband med at dottera var på skisamling.

Han anslår at det er 10-15 meter frå kanten av stupet ned til elva under.

Bjerke såg ingen teikn til liv i eller rundt bilen.

— Den eller dei som var i bilen må ha kome seg ut på eiga hand, seier han.

Og det kan lensmann i Jondal, Øystein Torsnes, bekrefta.

— Føraren kom tilnærma uskadd frå det heile, og gjekk ned igjen til bygda etterpå. Han har nesten hatt meir flaks enn det som er lov, seier Torsnes, som fortel at mannen i 20-åra ikkje er frå Jondal.

- Som på film

Også for to år sidan køyrde ein bil utfor vegen i denne svingen.

— Då var det ein bil med fire ungdommar som køyrde utfor, og forsvann ned i elva her. Utruleg nok gjekk det bra den gongen og, seier Torsnes.

Lensmannen veit ikkje kva som var årsaka til ulykka.

— I utgangspunktet er dette eit trafikkuhell utan personskade, og normalt sett blir ikkje slike saker etterforska av politiet. Så i prinsippet er dette no ei rein forsikringssak, seier Torsnes.

Lars Bjerke og familien fekk seg iallfall ei oppleving utanom det vanlege.

— Sånt ser ein berre på film. Barna insisterte på å køyra ekstra forsiktig ned igjen frå skisenteret etterpå, seier Bjerke med eit flir.

Opplevd noko liknande? Skriv eit innlegg i kommentarfeltet!

STOR PORSJON FLAKS: Sjåføren i 20-åra kom utruleg nok frå det utan store skadar. Han spaserte ned til Jondal igjen etterpå.
LARS BJERKE