Slik har det ikkje alltid vore. Spesielt hugsar den 53 år gamle brøytebilsjåføren frå Eid ei julehelg på slutten av 70-talet. Han var relativt fersk i faget, og hadde brøytinga på den rasfarlege fylkesvegen til Navelsaker på nordsida av Hornindalsvatnet.

— Det snøa og snøa. Eg trur eg sat i førarhuset heile jula. Det må ha vore anten i 1977 eller 1978. Men då var eg ung og uerfaren, så det gjorde ikkje så mykje.

Og så var det ei nyttårshelg for nokre år sidan. Store snømengder, og så omslag til regn natt til nyttårsdag, skapte verste hålkeføret i manns minne.

— Eg trur eg aldri har opplevd at det har vore så glatt.

Mareritt i Stigedalen

Sidan midt på 80-talet har Grodås hatt ansvaret for å halde E39 open gjennom Eid kommune, frå ferjekaien på Lote til Bjørkedalen i Volda. Smal og svingete var Stigedalen i Eid eit mareritt når vinteren viste seg frå si verste side. La eit vogntog seg til i grøfta, kunne det gå timar før vegen blei opna. Vegutbetringa som var ferdig for nokre år sidan, fjerna dei fleste flaskehalsane. Om ikkje alle:

— På ein stad har vegvesenet rett og slett gjort ein konstruksjonsfeil. Høgdeskilnad har gitt eit bratt bakke der bilar ofte blir ståande. Det har også skjedd i år, sjølv om det har vore lite snø. For ein relativt liten sum kunne feilen blitt retta, men det ser ikkje ut som det skal skje.

Roger Grodås driv sitt eige firma, og har tre tilsette som brøyter for seg. Men nettene og helgane må ha stort sett ta sjølv.

— Nå det snøar som verst er det ei alvorleg lang strekkje å ha ansvaret for å halde open.

Klimaendringar

— Som brøytebilsjåfør, merkar du klimaendringane?

— Eg tykkjer i alle fall at vêret har blitt mykje meir ustabilt om vintrane. Temperaturen svingar meir. Då eg tok til å brøyte hugsar eg lange periodar med stabilt og kaldt vintervêr. Dei har det blitt færre av.

— Det er vel også ei utfordring?

— Når vêret stadig skifter mellom regn og snø blir det meir arbeid for å halde vegane gode å køyre på. I tillegg har krava blitt strengare. Standarden skal vere høgare. Det gjer at vi må ut tidlegare.

Til jula håpar han meldingane om nordavind og kuldegrader skal slå til.

— Då blir det kanskje litt snø i dag. Men neppe mykje, trur Grodås.

— Då blir det kanskje ein dram til julemiddagen også for ein på brøytevakt?

— Eg har no i alle fall kjøpt inn i akevitt. Så ein liten smak håpar eg no på. Men det seier seg sjølv at dei store sprella blir det ikkje.

KLAR FOR VAKT: Roger Grodås skal halde E39 over Stigedalen open.Men ein liten juleakevitt håpar han å kunne ta i kveld, i alle fall nårvêrmeldingane er som no. FOTO: ØRJAN TORHEIM