— Det var ein slik ein som vart mitt første offer, seier Arild Kåreid og held fram ein Scaub Laurenz reiseradio frå tidleg syttital.

Radioen som han plukka frå kvarande i 1971 tilhøyrde faren hans.

— Far vart ikkje sint, sjølv om den vesle radioen kosta ein god del pengar etter kroneverdien den gongen. Han såg vel nytte i at eg interesserte meg for skruing. Eg var heilt fasinert av alt som lea på seg inne i radioen når eg skrudde på knottane, fortel han til Bergens Tidende.

Kvar det vart av den radioen, er han ikkje sikker på, men han har skaffa seg ein annan av same slaget til samlinga si i det gamle meieriet under Steinsdalsfossen.

Der er det no 1500 radioar!

Dei aller fleste funkar.

Ingen av dei er digitale. Samlaren avgrensar seg til apparat med gode, gamle radiorøyr og transistorar.

Rom i kjellaren

Gamle radioar kan sjå trøysteslause ut når Arild Kåreid kjøper dei, men etter nokre arbeidstimar, er dei fullt brukbare.

Nokre radioar har han fått gratis. Rett etter at han som 13-åring var presentert for det norske folk i ungdomsprogrammet Halvsju på tv, kom folk med radioapparat på døra heime i Øystese. Faren måtte innreie eit rom i kjellaren.

— Denne fekk eg hjå ein skipsreiar på Os, fortel han og viser fram ein elegant radio i heiltre.

Arild Kåreid har samla på radioar frå seks-sju-årsalderen. Ein gul Huldra 9 frå barneskulen er truleg den han har hatt lengst. Lenge før det hadde småguten stabba seg bort til Stangeland sin radiobutikk i Øystese med ei krone i lomma. Det vart ingen radiohandel, men han fekk rikeleg med brosjyrar med seg heim, og dei har han framleis.

I siste halvdelen av åtti-talet budde han i Oslo, der han tok utdanning. Då måtte han kvitta seg med ein del radioar av rein plassmangel. I ein periode bygde har store stereoanlegg, men så greip samledilla fatt i han for alvor i 1989-90.

Kjøpte meieriet

Plass kan det faktisk vera knapt med i dag også, sjølv om han har kjøpt heile meieriet nedunder Steinsdalsfossen, der turistane strøymer til for å sjå ein foss frå baksida. Her er innreia husvære, med eit gedigent stereoanlegg i første høgda, der han også har to rom med radioar frå golv til tak langs alle veggane. Også i den store meierihallen i underetasjen fyllest det godt opp med radioar.

— Har du planar om museum, midt i turiststraumen?

— Eg har nok vore inne på tanken, men til det trengst ganske mykje kapital, og eg har brukt pengane til å kjøpa radioar. Huset egnar seg godt, men det skal pussast kraftig opp for å bli presentabelt, seier Kåreid til BT.

Saba Hi Fi

Arbeidsrommet hans har dagslys inn frå glaset, ellers er veggane dekte frå golv til tak med radioapparat. Det strøymer klangfull musikk frå eit beist av ein tysk radio som breier seg på arbeidsbordet.

— Dette er ein Saba Hi Fi Studio Freiberg Stereo frå 1965, den største heiltransoriserte stereoradio som er bygt. Effekten på 3 x 40 watt, dobbelt så mykje som dei sprekaste diskoteka kunne stilla opp med på den tida, fortel radiosamlaren i Gamlemeieriet.

Radioen har kanalsøkar med to knappar. Eitt trykk på eine knappen og visaren går til neste høyrbare kanal oppover på skalaen. Den andre knappen sender visaren nedover på skalaen og stoggar nå han finn noko å lytta på.

I hylla ein annan sabba Saba: Freiburg Telecommander. Verdens første med fjernkontroll. Infraraud teknologi kom seinare. Her er det brukt ultralyd til å kommunisera mellom fjernkontrollen og radioapparatet. Den fjernstyrte kanalveljaren er einvegskøyrt. Vil du attende til ein kanal du har gått forbi, må du venta til neste runde.

Elles er dei her dei aller fleste, Radionette sine mange modeller, huldrer og sølvsuperar frå Tandberg frå eldste til nyaste modell. Bang & Olufsen, Blaupunkt, Loeweopta, Elac, Philips, Minerva, Telefunken, Grundig, Normende, Goodmans og kva dei no heiter alle.

TIL REISEBRUK: Arild Kåreid omgitt av radioar. I dette rommet er det mest reiseradioar, dei aller største for sjøfolk som ville høyra nytt heimefrå, via kortbølge.<br/>Foto: RUNE SÆVIG