Med eit presseoppbod på slep så stort at sjølv kongefamilien kunne fått problem med å vekkje like stor interesse, undersøkte rovviltkontakt Ingjald Hauso i går området ved Skrehaug der Haldor Tonheim meinte han såg bjørn onsdag.

— Dette er eit område det er vanskeleg å finne gode spor i, konstaterte Hauso om den mosekledde og myrlendte skogbotnen på begge sider av vegen mellom Eikefjord og Stavang.

To spor

Det var i middagstider onsdag at Tonheim såg eit dyr krysse vegen då han skulle på arbeid. Dyret, lys brunt over ryggen, mørkare på sidene og på lag så stort som ein stor sau, gjekk over vegen 50-70 meter framfor bilen. Tonheim stoppa og fann då to spor i vegkanten, men såg ikkje meir til dyret.

I går var framleis dei to spora like ved vegen godt synlege. Men i den mjuke mosen viser berre sjølve omrisset av fotavtrykket. Der fanst ingen merke etter klør eller andre kjenneteikn på avtrykk laga av bjørn. Å fastslå sikkert at det er rovdyret som held seg i skogane ved Eikefjord, kunne ikkje rovviltkontakten.

— Eit dyr har gått her. Storleiken på sporet kan passe, men for meg er det uråd å slå fast at dette er bjørn, seier Hauso.

Sikker i si sak

Han tok i går fleire bilete av spora som no skal analyserast av ekspertar. Men Hauso let det skine gjennom at han ikkje trur ekspertane kan seie noko sikkert.

— Dette er rett og slett dårleg mark for å finne eksakte fotavtrykk. Og før vi har prov, kan vi ikkje seie sikkert at det har vore bjørn i området. Men eg seier altså ikkje at det ikkje har vore bjørn her, understrekar Hauso. Han leitte gjennom eit større område rundt vegen i går ettermiddag, utan å finne fleire spor.

Bjørneobservasjonen onsdag er den andre på under ei veke i same området. Sist fredag følgde ein hjortejeger eit dyr han er sikker på var bjørn gjennom kikkertsikte i fleire minutt. Dette var berre nokre kilometer unna staden der Haldor Tonheim gjorde sin observasjon onsdag.

— Kva anna dyr kunne det ha vore? Eg er ikkje i tvil om at det eg såg var bjørn, sa Tonheim då han i går viste staden til Naturoppsynet.

På leit etter hi

Bjørneekspertar held det slett ikkje som usannsynleg at det er ein bjørn i området. Så seint som i fjor blei ein bjørn sett same helga av to personar like ved Førde. Mest truleg var dette same rovdyret som herja saueflokkane i Jostedalen og Fjærland. Denne bjørnen slo sine første dyr tidleg på sommaren i dalføret nord om Vadheim, på grensa mellom Gaular og Høyanger. Han gjekk truleg att og fram mellom Sunnfjord og Sogn fleire gonger i fjor sommar.

Ut frå storleiken kan bjørnen, som no er observert i Eikefjordområdet, vere ein ung hann som har blitt tvinga til å forlate området sitt. Slike hannar kan vandre over store område i jakta på eit nytt revir og ei binne. Det siste vil han neppe finne, og mest sannsynleg vil han difor vandre ut av området.

Vise aktsemd

Men sidan det no er seint på året, kan han vere på leiting etter hiplass. Dersom det blir kaldare og det kjem snø, kan han slå seg til ro for vinteren.

— For slike unge hannar er det ikkje så nøye korleis hiet ser ut. Ein stad med godt ly under ein stein kan vere nok, seier rovviltkontakt Hauso.

Sjølv om Naturoppsynet ikkje har funne prov på at det er ein bjørn, ber han likevel folk ta seg litt i akt i tida framover.

— Om dette er ein bjørn, vil folk normalt sett ikkje sjå han. Dyret vil merke mennesket først, og stikke av. Og skulle folk likevel møte på ein bjørn, vil dyret vike i ni av ti tilfelle. Men så har vi det tiande, seier Hauso.

oddleiv apneseth