— Vi er klare til å konkurrera om oppdraget. Det var ei lette å høyra at regjeringa går inn for å byggja brua. No vonar vi Stortinget fylgjer opp, seier dagleg leiar Knut Flatlandsmo på Hordaland Mekaniske Verkstad, HMV.

Så langt har vossingane konkurrert med stort hell over store delar av verda. Mange vil hugsa at HMV fekk oppdraget med å spinna kablane som held oppe Stordabrua og Bømlabrua i Trekantsambandet.

Med det var i grunnen småjobbar.

— Det var også vi som laga stålkablane for Storebeltbrua i Danmark. Der vog kabelen 3 tonn pr. meter. 18.000 tonn ståltråd gjekk med, seier Flatlandsmo.

Vil ruva godt

Storebeltbrua er den 4. lengste i verda med 1.624 meter fritt spenn. Kablar frå HMV held og oppe Höga Kusten, ei 1210 meter lang hengebru over Ångermannälven i Norrland i Sverige. Dei seinare åra har HMV og hatt store oppdrag på bruer i San Francisco og i Lisboa.

Hardangerbrua får eit fritt spenn på 1310 meter.

— Hardangerbrua vert eit mindre oppdrag enn Storebeltbrua. Likevel vil det ruva godt i årsrekneskapen vår. Og så er det ekstra interessant for oss fordi brua ligg så nær, seier Flatlandsmo, som opplyser at HMV har 38 fast tilsette.

I heile EØS-området

Også på vegkontoret i Fyllingsdalen bur dei seg på brubygging.

— Vi har nok å gjera, sjølv om verken anbod eller oppdrag går ut før Stortinget har gjort sitt vedtak, seier Øyvind Søvik. Senioringeniøren, er ansvarleg for prosessen fram mot skipinga av ein prosjektorganisasjon for brua.

— Vi må ordna oss slik at vi er klare den dagen Stortinget eventuelt seier ja til brua. Ein del av dette arbeidet er å ta kontakt med konsulentar og entreprenørar både i Noreg og i utlandet og varsla dei om kva som kan vera i vente. For oppdraga med brua må lysast ut i heile EØS-området.

Maks 2 milliardar

— I pressemeldinga frå dei tre regjeringspartia om Hardangerbrua står det nemnt at prisen på brua er rekna til to milliardar kroner. Men Statens vegvesen har heile tida sagt ca. 1,7 milliardar. Kva forklarar denne skilnaden?

— Når eit vegprosjekt vert lagt fram for Stortinget, skal utrekningane av byggjekostnaden ha ein feilmargin på maksimalt 10 prosent. I tillegg er det her snakk om 2005-kroner. To milliardar er då eit uttrykk for kva brua skal kosta maksimalt. Men Statens vegvesen vil arbeida ut frå dei kostnadstala vi kjenner, seier Øyvind Søvik.