Den forureina grunnen kom for ein dag under arbeidet med å reise eit tilbygg til Idrettsbygget ved marinebasen.

Prøver viste eit for høgt innhald av miljøgifter som PCB, tungolje, arsen, kvikksølv, sink og polyaromatiske hydrokarbonar.

Forsvaret har no bestemt seg for å fundamentere tilbygget ved hjelp av pålar som blir slått ned i bakken, for å unngå meir gravearbeid enn nødvendig.

— Noteby meiner dei forureina massene ikkje medfører helsefare. Dei ligg to meter nede i bakken, og Noteby foreslår at dei får liggje i ro der, seier sivilingeniør Asbjørn Aarthun i Forsvarsbygg.

Arbeidet med tilbygget vart stansa då dei tilgrisa massene vart oppdaga under utgraving av tomta. Forsvaret meiner forureininga skriv seg frå perioden før Haakonsvern vart etablert.

— Djupna der forureininga vart funne og innhaldet i massene, med skjel og fjæresand, tyder på at stoffa låg der før området vart fylt ut av forsvaret på 1960-talet, seier Aarthun.