Direktør Truls Lorentzen skreiv i går eit brev til byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen om dei tiltaka han har sett ut i livet.

«Publikum møtes med større tillit. Dette gir seg utslag i at langt flere klager enn tidligere gis medhold (tidligere fikk 30 % medhold, vi kommer kanskje nå opp i 50 %)», skriv Lorentzen.

I tillegg er standardbreva som blir sendt til klagarane gjennomgått og forenkla, og det er sett av plass i breva til svar på individuelle spørsmål i kvar enkelt sak.

Parkeringsselskapet lovar også gje bøtelagte bilistar medhald i klagene dersom ein gyldig parkeringsbillett av ein eller annan grunn ikkje har vore lagt lett synleg for vaktene. «Dette regner vi med vil redusere konfliktnivået i forhold til publikum», skriv Lorentzen.

Selskapet har også skjerpa inn at bilistane skal behandlast høfleg og med respekt, og det er sett i gang guidekurs for vaktene med tanke på turistservice om sommaren.

Av planlagde tiltak nemner han diskusjon om transportvanskane for heimehjelparane i Bergenhus bydel, samarbeid med kommunen om tryggleiken for seksåringar ved skulestart og informasjonssamarbeid med køyreskulane.

Byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen er samd i at Bergen Parkeringsselskap ikkje alltid har oppført seg like fornuftig.

— Eg erkjenner at det har vore ein del uheldige episodar. Også parkeringsselskapet er avhengig av tillit hos folk. Det er utruleg viktig at denne blir gjenskapt, seier Strøm-Erichsen, som er godt nøgd med lista ho i går fekk av parkeringsdirektøren.