Fleire politikarar snudde i siste liten. Partigruppene delte seg. Debatten om Kvammapakken vart uvanleg lang og intens, fortel Sigbjørn Linga, fungerande redaktør i Hordaland Folkeblad.

Linga følgde det nesten fem timar lange møtet i heradsstyret med berre to saker på lista: tunnel under Kvamskogen og bompengesøknad.

Heradsstyret gjekk samrøystes inn for å arbeide vidare med Kvamskogtunnelen. Bompengesøknaden viste seg vanskelegare å einast om. Mindretalet argumenterte for å vente med søknaden til Kvamskogtunnelen kan bakast inn i pakken. Fleirtalet vil sende søknaden no og heller utvide med tunnelen seinare.

Linga fortel at sokneprest Johnny Knudsen (V) heldt innlegget som avgjorde saka. Han talte engasjert om dei livsfarlege vegane gjennom Kvam. — Eg har sjølv gått med dødsbodskapen etter trafikkulukker, fortalde presten.

Kvammapakken har ei ramme på 260 millionar kroner. Forutan tunnelen Øystese-Nes handlar han om trafikksikring og vegutbetring. Bompengane skal krevjast inn der riksveg 7 kryssar grensa til Kvam, i Eikedalen og på Klepso.