På branntomta på Økland på Stord har Eskeland alt reist ein ny stall som husar fire hestar. Ingen av dei er eigde av 89-åringen. Men på eigedommen hans boltrar hestane seg på store beite, og dagleg er stalleigaren bortom dyra for å sjå til at alt er i orden.

Korkje Øystein eller kona Tora Eskeland gløymer kvelden 21. april i år. Brått stod låven like ved våningshuset i ljos loge. Nesten all sløkking var fånyttes, og to hestar miste livet på båsane sine.

— Må ha dyr her

— Eg må ha dyr på eigedommen, elles veit eg ikkje kva eg skal finna på, seier Øystein Eskeland, som heilt sidan 1955 har store bragder å visa til på hestesjå så vel som i travløp. Hestenamn som «Turi Champo», «Winner Stord» og «Winner Valen» kling framleis godt mellom stallveggene på Bjerke travbane.

Øystein Eskeland og kona har nyleg gitt seg som travhesteigarar. Som ei slags erstatning prøvde den gamle hestetrenaren i sommar å halda geiter på heimebøen. Men det blei for stritt å passa på at dei ikkje gjorde ugagn, så han har kvitta seg med dei òg. To høner er alt han har direkte ansvar for no.

35 hestar

Om lag 35 hestar har Øystein Eskeland eigd sidan han debuterte med kaldblodshoppa «Linja» i 1955. 89-åringen får nesten tårer i augene når han omtalar «Turi Champo». Varmblodshoppa med aner frå Kløfta og Russland gjorde sterke løp på blant anna Bjerke travbane med Karsten Buer i sulkyen i første halvdel av 1960-talet.

— Ho var raud og flott og snill. Mange kom for å sjå henne trava, seier Eskeland. Av 65 løp på Bjerke vann ho 28 førstepremiar.

Den gongen hadde Øystein Eskeland gard på Valen i Kvinnherad. Om vinteren hadde han «Turi Champo» og dei andre løpshestane i trening heime. Å nytta dei som arbeidshestar var grunnlagstrening.

I 1963 vann Eskeland tre løp på samme dag på tre ulike banar med tre ulike hestar, blant dei «Turi Champo». Øystein Eskeland har i tillegg til Buer også nytta Per Ulven og Atle Hamre ein gong til å køyra hestane for seg.

EIT HESTELIV: Øystein Eskeland (89) mistar aldri interessa for hest. Her er han saman med leigebuaren «Ahead», ein 12-årig sprangridehest. I bakgrunnen stallen som er reist etter brannen i vår.
Foto: Ove A. Olderkjær