Det er avisa Sunnhordland som i dag fortel om den lokale øyrebitaren.

Karen skal ha meint at kvinna var provoserande når ho drakk. Han beit difor kvinna hardt i øyra, så slengde han ho hardt ned og dunka hovudet hennar hardt i golvet fleire gonger.

Ein gong beit han ho i øyra medan ho snakka i telefonen.

Øyrebitaren er tidlegare og dømd for å ha bite ei i øyra, slik at ho fekk arr etter bitemerke på begge kinn og i begge øyra.

No er den lokale Mike Tyson dømd til 60 timar samfunnsteneste i Sunnhordland tingrett, melder avisa Sunnhordland.