Kommunestyret vedtok i går kveld samrøystes ein uttale med tilråding om å velja eit brualternativ i den såkalla høgspenttrasèen sør for eksisterande bru.

Øygarden kommune forventar at Fjell kommune vil konkludera med det same.

Varaordførar Otto Harkestad (Ap) seier til Kystradioen at han forstår at eit slikt alternativ vil ramma ein del fastbuande både i Fjell og Bergen, men at fellesskapet sine interesser må gå framfor den einskilde sine interesser i ei sak som dette.