Han vurderer å melda seg inn i eit anna parti, men har ikkje tatt endeleg standpunkt til dette. Dei partia han mest sympatiserer med er Høgre og KrF. Ifølgje Øydvin har partiet lite å gjera i fylkestinget etter at sjukehusa blei overtatt av staten.

Han seier at både Arbeidarpartiet og eit par av statsrådane i regjeringa har synt positive signal ved å ta fatt i dei sakene Pensjonistpartiet har vore opptatt av.

Han vil ikkje kopla tidlegare strid i partiet lokalt mot utmeldinga nå. Øydvin seier likevel at bergenspartiet har oppnådd lite etter at partiet valde å stå utanfor eit samarbeid med byrådspartia.

-Forkasteleg av Øydvin

Bystyrerepresentant og medlem i fylkesstyret for Pensjonistpartiet, Frank W. Hansen, karakteriserer det som direkte forkasteleg av fylkestingsrepresentant Jørgen Øydvin å hevda at Pensjonistpartiet er overflødig.

Øydvin har meldt seg ut av partiet og sa på Kystradioen i går at Pensjonistpartiet er overflødig ettersom andre politikarar og parti har overtatt partiet sine saker.

Hansen spør om Øydvin har vore våken nå han kan hevda noko slikt. Han seier at når andre parti følgjer etter, er det ei stadfesting på at det er trong for Pensjonistpartiet.