I år er det 1000 år sidan Olav Haraldsson vart norsk konge og snart fekk eit unikt fotfeste i landet som Olav den Heilage. Kongsgjerninga til Olav tok til på heilagøya Selja, knytt til dei vestnorske helgenane Sta. Sunniva og Seljumennene. I omtalane som dei skriftlege mellomalderkjeldene har av Olav sitt møte med Selja, går det fram korleis forfattarane prøver å knyte banda mellom heilagøya og helgenkongen.

I 1015 vende den unge Olav Haraldsson heim frå England for å ta fatt på gjerninga si med å vinne, samle og kristne Noreg. Når dei eldste norske historieverka fortel om dette, høyrer vi til dømes i den anonyme «Historia Norvegiae» (Noregs historie), frå mellom 1160 og 1175, berre at kongen drog til Noreg saman med fire biskopar. Han var altså godt rusta for eit kristningsarbeid, men teksten om sjølve heimkomsten er tapt.

«No datt eg»

Historieskrivaren Theodricus munk er meir detaljert i «Historia de antiquitate regum Norvagiensium» (Historia om dei gamle norske kongane) frå ca. 1180. Ifølgje Theodricus var det som ei guddommeleg styring at Olav kom til land ved øya Sæla (Selja), noko som vart teke som eit godt varsel. Same namneforma finn vi i kongesoga «Ágrip», skriven ca. 1190.

«No datt eg», sa kongen. Rane i kongsfølgjet svara: «Du datt ikkje, herre, men no feste du fot i Noreg».

Seinare byggjer den anonyme forfattaren av «Fagrskinna» (Noregs konunga tal — Noregs kongerekkje), frå ca. 1220, vidare på dette, men blir meir detaljert i skildringa.

Ifølgje Fagrskinna sklei kongen og fall på kne med eine foten då han gjekk opp på øya. «No datt eg», sa kongen. Rane i kongsfølgjet svara: «Du datt ikkje, herre, men no feste du fot i Noreg». Kongen lo og sa: «Det kan vera, om Gud vil, at det er så».

Fagrskinna si formulering vert seinare gjeven att i Snorre Sturlason si «Heimskringla» (Norske kongesoger) frå ca. 1230.

Den første heilagstaden

Kvifor var det slik eit godt varsel og lukke for kong Olav å stiga i land på Selja? Det var då ikkje uvanleg at skip først nådde denne øya når dei kom inn frå havet i vest. Både Theodricus og forfattarane av Ágrip og Fagrskinna legg vekt på tydinga av namnet på øya - sæla - og vrir eigentleg litt på namnet for å få tolkinga si til.

Theodricus trekkjer dessutan fram at Selja på latin vart kalla Felicitas, som kan omsetjast med både «sæle», «lukke», «framgang» og «grøderikdom». At namnet aleine gav grunnlag for optimisme i kongsfølgjet,v er altså lett å forstå. Men minst like viktig — om enn ikkje like uttalt - må ha vore den betydninga og funksjonen som Selja alt då hadde som Noregs første kristne heilagstad.

Seljumennene

Selja er martyrstaden for dei eldste norske helgenane, Sta. Sunniva og Seljumennene, irske flyktningar som etter legenda leid martyrdøden i ein heller på øya midt på 900-talet. Kong Olav Tryggvason skal i 996 ha funne dei heilage leivningane og fått etablert kultstaden, som altså var relativt ny då Olav Haraldsson nær 20 år etterpå fekk landkjenning ved heilagøya.

Helgenkulten på Selja kan på relativt sikkert grunnlag førast attende til tidleg på 1000-talet. Men i den fyrste tida ser det ut til at det er dei anonyme Seljumennene som legenda var konsentrert rundt. Olav Haraldsson høyrde dermed neppe om ei Sunniva. Ho trer først fram i legenda på 1100-talet.

Av det noverande mellomalderanlegget på Selja er det berre sjølve martyrstaden, helleren, som går attende til Olav Haraldsson si tid. Sigrid Undset formulerte det slik i «Sommerdage på Sankta Sunnivas ø» frå 1926: «Nu staar der ikkje andet kirkehvælv igjen i Norge som vi sikkert vet, Sankt Olav har bøiet sig under end berget her over helleren».

Kristendommens grunnfesting

Det er godt mogeleg at Olav i 1015 knelte ved helgenstaden, slik Sigrid Undset tenkjer seg. Når vi veit kor sentral helgenkult var for Kyrkja i mellomalderen, er det klart at det for kristningsarbeidet til kongen har vore viktig straks å knyte banda til denne fyrste og til då einaste Guds nådestand i Noreg, der kristendommen gjennom relikviefunna nokre år før var blitt «grunnfesta» i norsk jord.

Om kongen ikkje tenkte slik, så må i alle fall Theodricus og forfattaren av Fagrskinna ha hatt slike tankar. Kongen når ikkje berre fram til øya som gjev lukke, han set der også spor etter seg i landet! For å framheva dette grip Fagrskinna til eit vandresagn om «å gli og feste fot», kjent frå fleire skildringar av landsstigingar som skulle vektleggjast historisk. Når Fagrskinna legg denne detaljen inn i hendinga, er dette tydelegvis for å understreke at den komande ”rex perpetuus norvegiae” — Noregs evige konge - sette fotsporet sitt i heilag, norsk jord på Selja. Jord som alt var blitt knytt til den Kvitekrist Olav hadde som oppgåve å kjempe for. Allegorien understrekar dermed aksen Selja-Nidaros, som begge var vel etablerte helgenstader då dei to historikarane skreiv. Både Theodricus og forfattaren av Fagrskinna framhevar, kvar på sin måte, Selja som utgangspunkt for det som seinare skjedde på Stiklestad og ved helgenskrinet i Nidaros. Martyrvegen som helgenkongen skulle gå, tok slik sett til på Selja.

Bergen på 1200-talet

Det er verd å merke seg at Fagrskinna, ifølgje norrønfilologen Else Mundal i ein artikkel i boka «Fragment frå Fortida», truleg er skriven i Bergen. Fagrskinna er ført på pergamentet i eit miljø der vidareutviklinga av Sunniva- og Seljumannakulten har stått sterkt i tiåra før og etter 1200, slik latinfilologen Åslaug Ommundsen har vist i ein artikkel i boka «Fra kongssete til kulturminne». Det er såleis ikkje uventa at Olavskulten blir forsøkt knytt til Seljumannakulten, noko miljøa både i Bergen/Selja og i Nidaros må ha hatt interesse av.

Kvifor så denne finurlege formuleringa om at Selja er kongen si lukke, men utan at det vert sagt kvifor Selja er kongen si lukke? Theodricus dreg rett nok banda til den sæla som kongen seinare skulle oppnå, men korkje Theodricus eller andre forfattarar nemner dei heilage frå Selja. Det var ikkje naudsynt.

Selja — Sæla - Felicitas: Alle som las eller høyrde samanstillinga var klar over kva dette betydde. Alle nordmenn i mellomalderen var nok i større eller mindre grad kjende med legenda om Sta. Sunniva og Seljumennene og hadde høyrt om martyrstaden. Dei kunne dermed «lese mellom linjene» og slutte ut frå det.

Vi kan i år markere at det er gått 1000 år sidan Olav Haraldsson vende heim til Noreg og på Selja festa fot i landet - eit historisk, religiøst og kulturelt fotfeste som knapt nokon annan nordmann har hatt. Slik sett er det ikkje rart at Selja var helgenkongens Felicitas.