Senteret skal opnast rett etter sommaren, og NRK melder at Øvrebotten sluttar som distriktsredaktør raskast råd for å ta til i den nye jobben. I tillegg til leiaren skal to lærarstillingar ved senteret besettast før starten.

Ikkje berre for NRK

Nynorsk mediesenter skal etter planen vere i drift frå september av, ein månad før dei første nynorskpraktikantane tek plass bak pulten.

Senteret skal drivast i tilknyting til NRK Sogn og Fjordane.

Ifølgje NRK skal Mediesenteret også drive utoverretta kursverksemd i nynorsk og mediekunnskap, og ikkje berre vere eit tilbod for institusjonen NRK.

Innanfor NRK står nynorsk i fare for å bli eit språk utelukkande for nyhende og distriktssendingar på Vestlandet, medan det er omtrent fråverande i barne— og ungdomsprogram og større riksavdelingar.

For kvar nynorskbrukar som blir tilsett i NRK, blir ti bokmålsbrukarar tilsett, kjem det fram i ei undersøking som er gjort i samband med opprettinga av Nynorsk mediesenter.

Intern rokering

Det var NRK-styret som i fjor vedtok å opprette Nynorsk mediesenter i tilknyting til distriktskontoret i Sogn og Fjordane.

Etter planen åtte-ti praktikantar takast inn kvart år, og gjennom teori og praktisk trening skal dei bygge kompetanse på nynorsk eterspråk og journalistiske arbeidsmetodar.

Magni Øvrebotten nestor blant NRK sine distriktsredaktørar med fartstid i stillinga sidan 1990, og det er berre ei dryg veke sidan ho gjorde det klart at ho gjev seg i denne jobben.

Tilsetjinga av Øvrebotten var såleis som forventa, og det er no duka for internt stolbyte i redaksjonsleiinga i NRK Sogn og Fjordane. Noverande redaksjonssjef Kai Aage Pedersen går inn som konstituert distriktsredaktør inntil ein permanent er på plass seinare i vår, og noverande vaktsjef Rolf Sanne-Gundersen blir konstituert som redaksjonssjef etter Pedersen.

NYNORSK-SJEF: Magni Øvrebotten.
ODDLEIV APNESETH