Så tidleg som i 1973, då Sviggum framleis gjekk i grunnskulen, var han under oppsikt av overvakingspolitiet.

Og dei iherdige overvakarane må ha vore engstelege, ettersom også Arbeidarpartiets eigen ungdomsorganisasjon i Høyanger var under oppsikt på denne tida. Det var den dåverande politimeisteren i Sogn som sendte opplysningane om mellom andre Sviggum vidare til Overvakingssentralen, og fokus låg på FNL-grupper i Høyanger og Sogndal.

Fleire lokale AUF’arar deltok også på møte i regi av FNL-gruppa. Sviggum hugsar godt den aktuelle tida, blant anna at dei arragerte folkemøte på samfunnshuset i Høyanger med mykje folk og full dekning i lokalavisa. Verre var det ikkje, ifølgje Rune Sviggum.

Til si eiga avis, Ytre Sogn, seier han at han var samfunnsengasjert, men ikkje dreiv med noko ulovleg og aldri tenkte på at han kunne vere overvaka.