Emmerhoff Nilsen (47) blir ny leiar ved Skånevik Fjordhotel saman med Wengstad si dotter Marit (29).

Dermed har hotellet i Skånevik fått sitt tredje eigarskifte og sitt femte leiarskifte på tre år. Inge Wengstad (57), dagleg leiar i Malvik Næringsutvikling i Sør-Trøndelag, overtek 50 prosent av aksjane i det tidlegare 100 prosent Rundhovde-eigde Hordaland Havbruk Holding AS, Anna Emmerhoff Nilsen overtek resten.

I praksis overtek dei Rundhovde sitt pantelån i Etne Sparebank på 8,3 millionar kroner. Dermed kan Endre Rundhovde ha tapt fleire millionar kroner på sitt vel eitt år lange engasjement i Skånevik Fjordhotel, som er eigd av Hordaland Havbruk Holding.

Anna Emmerhoff Nilsen, som mista jobben sin ved sardinfabrikken Norway Foods som Rieber la ned i Skånevik i 2001, har vore dagleg leiar og styreleiar i holdingselskapet. Kvinnherad-ordførar Aksel Kloster har vore styremedlem. Marit Wengstad, som no blir dagleg leiar for hotellet saman med Anna Emmerhoff Nilsen frå Skånevik, er sambuar med Aksel Kloster sin son, Øystein.

Paret har blant anna delteke i «Gjest Baardsen»-framsyninga i Bergen, dei har i vinter starta kulturprogram ved Skånevik Fjordhotel. Begge er dugande songarar og skodespelarar.

Dei nye hotelleigarane går inn med ny aksjekapital i selskapet for å auka eigenkapitalen og redusera Etne Sparebank sin risiko.

Skånevik Fjordhotel har elleve tilsette og 110 senger og satsar på turisme, restaurant— og krodrift, konferansar og selskap.

NY LEIAR: Anna Emmerhoff Nilsen (t.h.), som mista jobben sin ved sardinfabrikken Norway Foods som Rieber la ned i Skånevik i 2001, blir ny leiar ved Skånevik Fjordhotel saman med Marit Wengstad.<p/> ARKIVFOTO: KNUT EGIL WANG