— Og det er fyrste gong sidan 1997 at rekneskapen vår er gjort opp med overskot, seier fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg til Bergens Tidende.

- Kva skal de bruka pengane til?

— Dei går med til å dekka underskot på 44 millionar kroner frå 2003. I 2004-rekneskapen har ein dekka inn underskotet frå 2002 på 42 millionar kroner. Og dette gjer at Hordaland kan strykast frå departementet si liste over fylkeskommunar som er underlagt særskild kontroll, seier Selsvold Nyborg.