Lokalpolitikarane er meir opptekne av å få tilflyttarar til distriktskommunane enn å ta vare på dei som faktisk kjem. Det meiner Jeanine Heide, leiar for prosjekt Trivselsgrenda i Hordaland.

— Det er lite fokusert på vidareflyttarane, som det faktisk finst mange av. Men dei viser ikkje att i flyttestatistikken, seier Jeanine Heide til Bergens Tidende.

— Busetjing handlar dessutan om mykje meir enn jobb. Mange kjem aldri tilbake til heimbygda, sjølv om det skulle finnast arbeid for dei.

Distriktspolitikken må ta omsyn til heile kvardagslivet, til jobb , bustad og korleis folk er mot einannan i nærmiljøet, meiner Heide.

Trivselstiltak

Prosjektet Trivselsgrenda har som overordna mål gjennom trivsel- og næringstiltak å få folk til å bli verande i lokalmiljøet, for slik også å lokka nye tilflyttarar til bygda og utflyttarar heim att.

Pilotprosjektet skjer i regi av Fylkesmannen si landbruksavdeling, støtta av Kommunal- og regionaldepartementet, SND og kommunane Kvinnherad, Kvam og Fusa. Bygdene Oma, Hatlestrand, Ølve og Fusa er plukka ut, og der er det alt avvikla fleire møte for å få fram trivselsprosjekt.

— Fantasien har bløma, og det er reist ei rekkje framlegg, alt frå kurs i ølbrygging til bestemødre som har teke på seg å bli «bestemor» også for tilflyttarungar, fortel Jeanine Heide. Førstkomande onsdag skal prosjektet ta stilling til kva tiltak som skal få økonomisk støtte. Det blir stilt 200.000 kroner til rådvelde for kvart bygdelag.

Fråflyttingsfylke

Medan Bergen veks, er det fråflytting som pregar distriktskommunane i både Hordaland og Sogn og Fjordane.

Begge fylka fekk nedgong i folketalet i fjor. For Hordaland sitt vedkomande var det Ølens overgang til Rogaland som gjorde utslaget, men heile 17 av 33 kommunar hadde reduksjon, viser Statitstisk sentralbyrå sine ferske tal.

Vekstkommunane utanom Bergen er nok ein gong randkommunane til Vestlandets hovudstad; Askøy, Fjell, Sund og Os. Også Modalen, Øygarden, Lindås, Stord, Voss og Fusa fekk ein pen auke i fjor.

I 2002 var det ein samla folketalsnedgong i alle Hardanger-kommunane. Med unnatak av Granvin skjedde det også i 2001, og er lekk i ein langsiktig tendens.

I Sogn og Fjordane hadde 18 av 26 kommunar fall i folketalet i fjor, nett som i 2001. Unnataket nok ein gong er regionsenteret Førde og kystbyen Florø. Stryn og Gloppen kan også notera gledeleg pluss i statistikken.