Advokat Svein-Dag Karlstad, som representerer hovudentreprenøren Selmer Skanska AS, legg ikkje skjul på at entreprenøren meiner det svikta i prosjekteringa av skandalebygget.

— Det blei aldri laga ei konsekvensutgreiing av å bruke saltvatn i eit slikt badeanlegg. Før bygginga av Havhesten tok til, var det kjent at tilsvarande anlegg andre plassar i landet hadde fått problem. Då burde det ringt nokre bjøller hos byggherren, sa Karlstad til Bergens Tidende under ein pause i forhandlingane i går.

Svikta i planlegginga

Vel to år etter at bandeanlegget blei opna er det no stengt. Reparasjonsarbeidet for millionsummar er i full gang, og badeanlegget kjem neppe til å opne dørene før til hausten.

I går starta rettssaka mellom kommunen og Selmer, i det som kan bli den første av ein serie rettstvistar om ansvaret for byggjefadesen.

Under gårsdagens innleiingsprosedyre la Selmers prosessfullmektig stor vekt på å dokumentere det som skjedde då bygget blei planlagt. Advokaten starta dagen med å påpeike at då forprosjektet kom på bordet hausten 1997, var det ikkje tenkt brukt saltvatn i anlegget. Seinare då dette kom inn i bildet, oversåg prosjektleiinga i kommunen klare råd frå fagkompetanse.

Følgde ikkje opp

Selskapet JKS Konsult gjekk gjennom forprosjektet. Rapporten frå konsulentfirmaet viste til at detaljløysingar ville vere heilt avgjerande, og peika på ei rekkje kritiske punkt.

— Men då det seinare blei laga ein kontrollplan, kom ingen av desse problemområda med som sjekkpunkt. Skisserte problemområde blei ikkje følgt opp i prosjekteringsfasen. I ettertid har det vist seg at nett desse punkta er dei som har skapt store problem, sa advokaten i sitt innleiingsføredrag.

Skulle spare

Advokat Karlstad prøvde i går å synleggjere at kommunen la stor vekt på å spare på byggtekniske løysingar. Kostnaden med bygget skulle ned. Han gjekk langt i å antyde at kommunen kan ha støtta seg på ei utgreiing frå eit rådgjevande ingeniørfirma innan VVS. Hovudkonklusjonen deira var at badeanlegg med saltvatn ikkje er meir utsette enn anlegg med ferskvatn. Advokaten varsla at han seinare under rettssaka vil presentere ein rapport frå Veritas der dei dreg ein heilt annan konklusjon.

Under første dag av rettssaka kom det også tydeleg fram at spørsmålet om Selmer var med i prosjekteringa av bygget vil stå sentralt. Entreprenørselskapet avviser dette, medan kommunen meiner Selmer har eit ansvar for planlegginga.

Omfattande rettssak

Det er sett av tre veker til saka som starta i Sunnfjord tingrett i går. Rettssaka er svært omfattande, og Svein-Dag Karlstad varsla under opninga i går at han kan komme til å bruke fire dagar på sitt innleiingsføredrag. I morgon skal retten på synfaring til Havhesten.

Hovudspørsmålet er om kommunen eller Selmer og eit dusin andre firma som har utført arbeid på bygget har ansvaret. Flora kommune krev ni millionar kroner av Selmer Skanska, medan dei på si side krev å få utbetalt 2,5 millionar som kommunen har halde tilbake.