— Det blir interessant å sjå om Vinmonopolet AS no er så ivrig på å opna utsal på Bømlo når me samtidig sa nei til sjølvbetjent utsal og nei til pol i kjøpesenter, sa varaordførar Ola Ersland (KrF) til Bergens Tidende straks etter avrøystinga i kommunestyret måndag kveld.

Først sa kommunestyret med 18 mot 17 røyster nei til Sammy Olsen (Kystpartiet) sitt framlegg om å leggja saka ut til folkerøysting ved kommunevalet hausten 2003. Og etter halvannan times debatt sa samme forsamling ja til Vinmmonopolet med 18 mot 17 røyster.

Deretter svara 18 av dei 35 folkevalde nei til å opna sjølvbetjent pol, og 22 ville ikkje ha utsalet i eit kjøpsenter.

— Dermed er jo halve inntektsgrunnlaget borte. Sjølvbetjente utsal inneber i seg sjølv ti prosent meirsal, seier Ola Ersland.

Vinmonopolets etablering på Bømlo kjem i rakettfart. Så seint som 7.desember kom selskapets overrumplande invitasjon.

Debatten i går kveld gjekk i velkjente spor, med KrF-argumentasjon om auka alkoholtilbod og auka konsum og auka misbruk, og med Høgre-argumentasjon om alkohol som lovleg vare og fare for auka handelslekkasje utan polutsal.

Knapt 30 publikummarar følgde debatten i kommunehuset på Svortland. Høgre og Frp gjekk samla inn for polutsal, Ap, Venstre og Søra Bømlo-lista var delt. Senterpartiet (Håkon Sønstabø) og Kystpartiet (Sammy Olsen) gjekk imot med kvar sin representant.