• Terra-saka er blitt ein vekkjar. Lokalpolitikarane er no blitt klare over at det er råd å stille spørsmål ved det som blir tilrådd.

Dette seier kommunal— og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp). Ho er overraska over dei svære beløpa kommunepolitikarane her sett i spel gjennom investeringane i risikofylte produkt.

Fellestrekket for «Terra-kommunane» er at dei har vore for ukritiske, og at dei har brote kommunelova som forbyr å plassere pengar i utrygge disposisjonar.

Mange fleire i faresonen

I går fekk ho munnlege orienteringar frå fylkesmennene i dei fire fylka som er utsette for «Terra-investeringar»: Vest-Agder, Rogaland, Sogn og Fjordane og Nordland.

Det er på det reine at langt fleire kraftkommunar, enn dei som sa ja, fekk tilbod frå Terra om å gå inn i desse investeringsprosjekta.

Kunnskapen departementet no sit med, etter gjennomgangen fylkesmennene har gjort, viser at investeringsavgjerdene i fleire tilfelle er fatta under dissens med knappast mogeleg margin, den eine eller andre vegen.

— Det ser ut til at det i ein del kommunar er stilt fleire kritiske spørsmål enn i andre.

Det er forklaringa Kleppa gjev på at mange kommunar hadde vett nok til å avvise salsframstøyta frå Terra.

Ingen milde gåver

Kleppa seier at ho no har medkjensle med lokalpolitikarane og innbyggjarane i dei kommunane som har pådrege seg millionar i tap.

Men milde gåver frå staten for å dekke opp tapet eller delar av tapet, kan dei sjå langt etter. Det er kommunane som har fatta vedtak og gjort investeringane. Noka handsrekking frå staten kan dei ikkje rekne med.

Tvert om kan kommunane måtte ta nye tap gjennom pålegg om tvangssal av dei investeringsprodukta dei i dag sit på. Det er nemleg heilt uaktuelt å la kommunane sitje med desse papira fram til utløpstida som i somme tilfelle er i 2013 eller 2017. Investeringane er ulovlege, i strid med lova, er beskjeden frå Kleppa.

Heve status i kontrollen

Nå vil kommunalministeren følgje opp innspel frå ikkje minst fylkesmann Oddvar Flæte i Sogn og Fjordane om å heve statusen for kontrollarbeidet i kommunane gjennom kontrollutvala.

Flæte meiner at deltaking i dei kommunale kontrollutvala har hatt for låg status. Han ønskjer difor at gjerne dei politiske gruppeleiarane eller politikarar med erfaring skal ta sete i kontrollutvala.

På Stortinget har til dømes fleire av partia plassert nokre av sin «tyngste» politikarar i kontrollkomiteen.

Kleppa ønskjer no å utarbeide ein standard for «god finansforvaltning» som ein parallell til standard for «god reknskapsskikk». Tanken er at den skal vere til hjelp for kommunane ved pengeplasseringar for å hindre at dei hamnar i liknande uføre ved seinare høve.

IKKJE HJELP Å HENTE: Kommunane som har brote lova gjennom investeringar i høgrisikoprosjekt, kan takke seg sjølv og får inga hjelp frå staten, fastslår kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp). Fylkesmennene Oddvar Flæte, Sogn og Fjordane (t.v.) og Ola Bjerkaas, Nordland.
Bjelland, Håvard