- Eg hadde ein mistanke om at noko var i gjære, men tok ikkje heilt kva det var, seier 70-årsjubilanten frå Kringsjå på Leirvik medan ho overvakar den hektiske aktiviteten som brått blei sett i gong i hagen hennar i går morgon. Eit arbeid som heldt fram i dag tidleg inntil 40 kvadratmeter med nylagde skiferheller og brustein, bed og blomar står ferdig til bursdagsfeiringa klokka 15.

Inviterte seg på frukost
Klokka kvart over sju i går tidleg ringde tre svigersøner til Ruth Hageberg og inviterte seg sjølve på frukost. Då hadde dei overnatta i Hagebergs hus, innlosjerte seint på kveld av Ruths ektemann Øystein utan at jubilanten visste om det.

- Dei er typar som finn på slikt, så her må ein berre bu seg på overraskingar, seier Ruth og kikkar bort på svigersønene som svingar minigravar, spadar og sakser i hagen, gartnar- og hagespesialistane Jostein Sundby og Runar Wold frå Stokke i Vestfold og tannlege Bjarte Løvfall frå Bergen. Dei tre gjennomførte eit tilsvarande stunt mot svogeren og svigerinna i Melhus i Trøndelag for nokre år sidan.

Litt skeptisk
Ruth Hageberg har ei tid snakka om at ho ville ha ein hellelagt uteplass i hagen, men var likevel skeptisk då rododendronar og blomebed utan førevarsel blei rykte opp med rota og flytta på i går. Det roar henne at aprikostreet får bli ståande i hjørnet sitt.

- Det er jo folk som har greie på dette, så resultatet vil nok bli bra til slutt, seier 70-åringen om bursdagspresangen som også involverer den yngste av fem Hageberg-døtre, Ingeborg og hennar mann, i dugnadsarbeidet. Det høyrer óg med til historia at dei overrumplande svigersønene sytte for transporten av ti tonn skifer og leggestein frå Skien til Hagebergs frodige hage på Stord.

- Eg har visst om den spesielle presangen ei stund, og det har vore vanskeleg å halda igjen overfor ei kone som har vore på utkik etter nye planter til hagen, seier 70-årsjubilanten sin ektemann, Øystein Hageberg.