I april gjorde ein overlege i Helsevernetaten i Bergen vedtak om at ein djupt deprimert og suicidal pasient skulle til tvungen legeundersøking.

Men sjukepleiaren og vernepleiaren i ambulansen valde å overprøve legens vedtak, og brakte ikkje pasienten til Bergen legevakt. To dagar seinare tok den eldre mannen livet sitt.

Ambulansepersonellet vart seinare suspenderte, fordi dei unnlet å ta med pasienten. No har Helsetilsynet i Hordaland granska saka.

— Eit alvorleg pliktbrot, er konklusjonen frå tilsynet, som ikkje utelukkar at dei to er ueigna til å utføre yrket sitt.

- Svært alvorleg

Det var Psykiatritjenesten i Bergen kommune som varsla Helsevernetaten om ein pasient som stod i fare for å ta sitt eige liv. På grunnlag av opplysningar som kom fram, vedtok overlegen tvungen helseundersøking av pasienten.

Samtidig bestilte han psykiatriambulansen i Helse Bergen, som skulle frakte pasienten frå heimen til Bergen legevakt. Men ambulansepersonellet si vurdering var at det ikkje var fare for sjølvmord, og tok derfor ikkje mannen med seg.

To dagar seinare vart 70-åringen funnen død i eit skogholt få meter frå heimen sin, skreiv VG i mai.

Fylkeslegen i Hordaland, Helga Arianson, seier at det er svært alvorleg at slike vedtak blir overprøvde, og at verken sjukepleiaren eller vernepleiaren hadde myndigheit til å overprøve vedtaket om tvungen legeundersøking.

- Grov aktløyse

Dei to prøvde heller ikkje å kontakte overlegar ved Akuttmedisinsk kommandosentral, Psykiatrisk akuttmottak eller legen som hadde gjort vedtaket, sjølv om dei hadde god tid.

— Vi meiner at overprøvinga av vedtaket er eit klårt brot på kravet til forsvarleg verksemd, som følgje av grov aktløyse. Det kan difor ikkje utelukkast at helsepersonellet er ueigna til å utføre yrket sitt, skriv Helsetilsynet.

Tilsynet understrekar at ambulansepersonellet si oppgåve er å gi nødvendig hjelp til å få pasienten til legeundersøking.

Saka er oversendt Statens helsetilsyn, som skal vurdere om det er grunnlag for ein administrativ reaksjon. I så fall kan det innebere tilbakekalling av autorisasjonen både for sjukepleiaren og vernepleiaren.