HSD-ferjene som køyrer Halhjem-Sandvikvåg i dag har alt gått over til den nye ferjekaien på Halhjem. Dei køyrer altså i takstsone 22, men krev betaling for takstsone 23.

— Vi er klar over dette. Men i tilskotsavtalen med HSD var det ein føresetnad at ferjene skulle nytta dei gamle ferjekaiane heilt til slutten, seier 1. konsulent Bjørg Hestdal i Statens vegvesen.

— No har anleggsarbeidet på Halhjem ført til at mykje stein er kome i vegen for dei gamle ferjekaiane. Av den grunn går HSD-ferjene frå den nye ferjekaien, som er konstruert for dei nye gassferjene.

Bjørg Hestdal legg til at stenging av ferjekaien i Sandvikvåg også har ført til at ferjene no og då har gått til Jektevik, lenger sør på Stord. Omgjort i distanse, er det minst ei takstsone opp, utan at det har ført til høgare billettpris.

Så det jamnar seg ut.