• No er eg svolten og trøytt. Du blir trøytt av å skjelva over heile kroppen i tolv timar, seier Kari Nomeland (25) etter ei lang og kald natt på Hardangervidda.

Saman med broren Geir Åge og venninna Vebeke Egeland (begge 22) overnatta dei under open himmel i snøstormen i Krobuhalsen på Hardangervidda. Geir Åge heldt til i ei slags snøhole. Ho var ikkje djup. Det var steinete og lite snø. Hola hadde ikkje plass til meir enn ein person, og dei to jentene ville vera i lag.

— Vi la oss i lag, i same sovepose, i le av ein stein. Men det varde ikkje lenge før vinden snudde, og vi låg ikkje i le lenger, fortel Kari og Vibeke.

Dei skifta stilling kvar halvtime, og prata med kvarandre kvart femte minutt for å vera sikre på at ingen av dei sovna. Då kunne dei ha sovna for godt.

— Ein ting har vi lært, at ingen skal ligga åleine. Alle skulle ha lege tett saman og få nytte av kroppsvarmen til kvarandre. Då hadde kanskje Geir Åge unngått frostskade, seier jentene.

Dei tre ungdommane frå Kristiansand la ut frå Finse i strålande vêr, og hadde tenkt seg til Kjeldebu ved Sysendammen. På Finse fekk dei vita at løypa ikkje er kvista, og dei kjøpte seg kart. Kompass hadde dei. Nomeland-søskena er fjellvande. Dei har vore med på fjellturar frå barnsbein av.

— Dei har brukt kartet mest, og kompasset litt mindre, meiner politiførstebetjent Njål Hope i Ullensvang og Eidfjord Lensmannsdistrikt som leia leiteaksjonen frå Eidfjord Røde Kors si hytte på Maurset i Sysendalen. Med seg hadde han kollega Vidar Litlekalsøy og Jostein Hovland frå dei lokale hjelpekorpset i Eidfjord. Han hadde seks snøscooterar og ei bandvogn med lokalkjent mannskap på leiting oppe på Vidda.

— Vi hadde ein mistanke om at dei tre sakna hadde gått lengre austover enn dei sjølve trudde. Det er naturleg å dreia litt mot vinden når du ikkje går på kompasskurs, seier Hope.

Mistanken vart styrkt av Telenor, som registrerte kontakt med Vibeke Egeland sin mobiltelefon i basestasjonen på Halne. Likevel var det eit omfattande detektivarbeid som gjorde at dei sakna vart funne.

— Dei ringde og fortalde at dei hadde høyrt lyden av ein snøscooter for fem minutt sidan. Difor ba vi alle scooterane snu og køyra attende i fem minutt. Samstundes ba vi dei sakna gå på kompasskurs i den retninga dei høyrde lyden frå, og stogga dersom dei kryssa eit snøscooterspor, fortel Hope.

Men noko slikt spor fann dei aldri.

— Sannsynlegvis høyrde vi aldri nokon lyd, vi berre ynskte det så sterkt, seier Vibeke Egeland til Bergens Tidende.

I staden kom dei fram til ei kvista løype.

Så snart politiet fekk denne meldinga, sette dei i gang med oppsporing av alle som kunne ha kvista løyper på Vidda. Det viste seg å vera vertskapet på Krekkja Turisthytte som i forgårs var ute på sesongens første kvistetur. Dei kunne i detalj fortelja kva for ruter dei rakk å kvista første dagen, og leiteområdet kunne innsnevrast kraftig. Etter kort tid vart dei tre funne.

Redningsfolka tok dei med til Krekkja der dei kom inn i varmen, og dei forfrosne føtene vart tekne under førstehjelpshandsaming.

Deretter fekk dei tre skyss i den varme bandvogna ned til Fagerheim, og deretter på riksveg 7 til Maurset, der Ånung Nomeland venta på son, dotter og deira venninne. Her stod også ambulansen som køyrde til legekontoret i Eidfjord til legesjekk og eit etterlengta måltid.

REDDA: Kari Nomeland(23) og Vibeke Egeland(23) er i fin form etter å ha overnatta i snøstorm under open himmel.<br/>Foto: ARNE HOFSETH