Det hevda dei tilsettes representant i styret for Helse Førde, Anne June Iversen Huus, på gårsdagens styremøte. Iversen Huus, som sjølv er tilsett som radiograf ved Førde sentralsjukehus, gav uttrykk for at det for lengst burde blitt tatt tak i organiseringa av det største av dei tre sjukehusa i Sogn og Fjordane.

— Det finst avdelingar på Førde sentralsjukehus som har eit belegg på berre 20-30 prosent. Samanslåing av avdelingar i Førde er ei overmoden sak. Dette må det gjerast noko med straks, sa Iversen Huus.

I følgje gårsdagens styrevedtak skal kutta i sjukehustenesta i Sogn og Fjordane starte i Førde. Styret legg opp til å opprette felles sengepostar for tilgrensande fagområde ved sjukehuset.