Marginane var absolutt på sjåføren og passasjeren si side då bilen sklei på glatta i Himle i Voss kommune i går kveld.

Føraren miste kontrollen over bilen på det sleipe føret, slik at han bomma på Fossakloppa, brua over ei sideelv til Bordalselva. Snøen må ha bremsa på farten, men bilen stogga ikkje før han nådde botnen av det 12-15 meter djupe gjelet.

Både mor og son greidde å gå med eiga hjelp etter utforkøyringa, men vart sende rett til sjukehus, fortel augnevitne til Bergen Tidende.

Bilen vart ein del skadd i fronten.

Fossakloppa er sikra med støypekant og gjerde oppå. Men det er ikkje autovern i forlenginga på nokon av sidene. Ingenting stoggar ein bil som køyrer utfor vegen, før han når botnen av gjelet.

I retning mot Voss sentrum er gjelet loddrett. Denne bilen kom andre vegen, og det manglar ikkje mykje på at det er loddrett her også, men det legg seg snø i skråninga.

Det må ha vore ei nifs oppleving å sitja i bilen medan han styrtar mot avgrunnen.

— Dei har hatt den nødvendige turen, desse to, konstaterer operasjonsleiar Asbjørn Andersen ved Hordaland politidistrikt til Bergens Tidende.

Mor og sønn vart kjørt til Voss sjukehus, kor dei i natt låg til observasjon. BT får opplyst at dei kun er lettare skada.

Den dramatiske utforkøyringa skjedde ved 20.15-tida i går kveld.

PÅ VEGEN ATT: Her er ulukkesbilen heist attende på vegen att. Etter snøfonna går det bratt ned i 12-15 meter.
ARNE HOSETH