I går blei Lotta (9) redda ned frå fjellet på austsida av Fjærlandsfjorden etter å ha vore sakna i over to veker. No viser det seg at jakthunden kom heilskinna frå møte med ørn.

Etter å ha undersøkt hunden er ikkje fjelloppsynsmannen i Luster, Einar Fortun, i tvil.

— Hunden hadde djupe klostikk i ryggen som det var størkna blod i. Hunden har nok blødd ein del og det var tendensar til betennelse. Det er ikkje noko anna enn ørn som utfører silke ting, slår Fortun fast.

Ein hund har liten sjanse for å overleve angrep frå ei kongeørn, og Fortun seier Lotta hadde flaks.

— Hadde ørna fått tak med begge klørne hadde hunden vore lamma fort. Men sidan berre ryggen vart angripen, så hadde hunden hovudet fritt og kunne glefse tilbake. I tillegg kan hunden ha blitt for tung, slik at ørna måtte sleppe den, seier Fortun.

Ørna måtte gje opp

Lotta blei funnen i eit djuv på fjellet, og ifølgje dei som deltok på redningsaksjonen, så kan ho ikkje ha kome dit av fri vilje.

— Hunden har nok vore oppå fjellet og jaga hjort, då det kom ei ørn som prøvde å ta hunden. Den har ikkje fått skikkeleg tak, og mista den ned ein avsats, trur bonden Nils Arne Skjerven, som deltok i redningsaksjonen.

Lotta blei funnen under ein hammar. At ho søkte tilflukt der har nok redda ho frå nye angrep frå den svoltne ørna.

Ørn drap Terri

Lotta er ikkje det første offeret ørnene i området prøver seg på. To dagar før jul måtte Nils Arne Skjerven sin eigen hund, ein tysk jaktterrier ved namn Terri, gje tapt for ørna. Skjerven var på jakt då peikaren brått viste at hunden hans stod heilt i ro.

— Det er heilt unormalt i ein situasjon der hunden går etter hjort. Eg trudde først at hjorten hadde sparka hunden, seier Skjerven.

Men då Skjerven og broren nærma seg staden der hunden var, såg dei ei ørn som letta. Den åtte kilos tunge hunden blei for tung, og ørna måtte sleppe den. Men då var hunden allereie død.

— Det var heilt forferdeleg, seier Skjerven om hendinga.

Bestanden aukar

Tidlegare i haust har ørn vore etter den same to hundar to gangar. Eitt av angrepa blei avverja ved at Skjerven skreik til ørna.

- Er det vanleg med så mange ørneangrep?

— Nei. Det har vore ein veldig auke i ørnebestanden. Medan ørn tidlegare var eit sjeldan syn, kan ein ikkje unngå å sjå ørn om ein går ut i terrenget i dag.

I terrenget der Terri blei teken, har Skjerven observert åtte ulike ørner.

— At ørn tek husdyr er blitt eit større problem enn noko gong. Eg er ikkje motstandar av rovdyr, men bestanden er blitt alt for stor. Eg er redd for at folk kjem til å ta lova i eigne hender for å ta ut ein del rovfugl dersom ikkje Fylkesmannen gjer noko, seier Skjerven.

Ørn i byggefelt

Skjerven har blitt kontakta av fleire bygdefolk, som reagerer på det same. Ei av dei er Hildur Kuld som bur på Galden, eit stort bygdefelt i Hafslo.

— Vi har ei nærgåande ørn som er her til stadigheit, i førre veke var den 8-10 meter frå stovevinduet mitt. Det er ekkelt når så store fuglar, med eit vingespenn på over to meter, søkjer så nær huset, seier ho.

I nabolaget har dei oppdaga at mange eigarlause kattar har forsvunne, og no fryktar dei for sine eigne kjæledyr. Hildur Kuld tør ikkje sleppe ut sine tre sibirske skogskattar.

— Ørnebestanden har tatt seg veldig opp i heile Sogn. For eit par dagar sidan såg eg fekk ørner i flokk i Sogndal. Det har ikkje vore vanleg på 50 år her. Det er blitt for mykje ørn når ho siglar mellom husa i eit tett byggefelt. Det tyder på at ho ikkje finn mat på naturlege stader.

Fjelloppsynsmannen i Luster stadfestar at ørnebestanden har blitt atskilleg større i løpet av dei 25 åra han har drive oppsyn.

— Det er betenkeleg at det trekkjer så mykje havørn inn her på hausten. Det gjer at den konkurrer om matfatet med kongeørna.

Han ber folk passe ekstra godt på kjæledyra sine.

— Når det er snø på marka, er hundar eit lett og synleg bytte.

- Ikkje stort problem

Det er Fylkesmannen som har ansvar for å regulere rovfuglbestanden, men den ferskaste oversikta dei har er heile 15 år gammal. Då kom ein til at det var 80 par med kongeørn og 100 par med havørn i fylket.

— Talet har vokse sidan det, og havørna aukar mest, men vi veit ikkje kor mykje. Vi arbeider med å få i gang ei ny telling i år, seier Hermund Mjelstad, viltforvaltar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Han meiner at ørna ikkje representerer eit stort problem i fylket, og har førebels ikkje planar om å redusere bestanden.

— Ein normal vinter er det ikkje eit stort problem at kongeørn tek hundar og kattar. At det har vore mange tilfelle nært i tid er uvanleg, og kan skuldast at det er lite mat i terrenget, seier han.

Ser du på ørn som ein trugsel? Diskutér saka.

DREPEN AV ØRN: Hunden Terry hadde tydelege klostikk i nakke, hals og på ryggen.
EINAR FORTUN