— Ikkje brems og ikkje krasj før dåke er i mål, seier teamsjef Ole J. Grindevik.

— Det skal gå fint, forsikrar sjåfør Maria Grindevik (6).

— Kjør då! kommanderer kartlesaren på fire år. Åse Kollsgård-Grindevik kan ikkje venta. Fartsfantomet har mast seg til å få vera med kusina på kassabilløp, sjølv om ho er to år under aldersgrensa.

Blomster i pissoaret

Den elles så rolege handlegata Osen på Leirvik er transformert til racerbane. Langs heile traseen ligg bildekk for å beskytta publikum og sjåførar.

Det trengst når kjøredoningar av gamle tv-benkar, salongbord og sengefjøler rasar nedover gata på gamle sykkel- eller barnevognhjul. Fantasien er det ingen ting å seia på. Ein av dei 12 bilane i racet har blomster planta elegant i eit pissoar bak på kassabilen.

— Kreativiteten er veldig bra, smiler Paul Christian Venaas som arrangerer kassabilløpet i samband med Storddagane.

Kulelager og trommelbrems

Men i Osen Grand Prix er det ikkje berre utsjånaden som tel. Det skal gå unna også - noko pappa Ole J. Grindevik har skjønt. Mekanikaren bygde fartsvidunderet «Il tempo gigante II» i 2004.

Bilen har gummidekk på kulelager, trommelbremsar, turtellar og tankmålar. Han er bygd for fart - akkurat som Ivo Caprino-originalen.

No står det om finalen i kassabilløpet. Maria strammar hjelmen og fester blikket. Racerbilen skyt fart ut frå startrampa.

— Sjå dei gummidekka. Dei går kjempefort, gispar ein tilskodar.

— Dei har øvd før, kjem det frå ein annan.

Stakk av med alle pokalane

Maria har full kontroll. Passerer konkurrenten og vinn med god margin.

— Vi vant! jublar dei to småjentene til stor glede for dei mange publikummarane som har teke turen til Leirvik.

Prisen for raskast bil og finast bil gjekk til «Il tempo gigante II». Dermed for dei to fartsfantoma av garde med alle pokalane og sikra seg til og med første napp i vandrepokalane.

PROFF DONING: Mange kikka misunneleg på bilen til sjåfør Maria Grindevik (6) og kartlesar Åse Kollsgård-Grindevik (4). Bilen med gummidekk på kulelager og trommelbremsar suste inn til seier i kassabilløpet på Leirvik i går. Foto: Lena Vermedal