– Dei sakkunnige har i sin gjennomgang ikkje funne haldepunkt for at ortopedisk verksemd ved sjukehuset i Lærdal har vore fagleg uforsvarleg. Helse Vest sluttar seg til dette, heiter det i ei fråsegn regionhelseføretaket har sendt Helsetilsynet i Sogn og Fjordane.

Helse Vest har tidlegare hevda at Jellestad dreiv forsking ved klinikken i Lærdal. Dersom det blir gjort utprøvande behandling på pasientar, skal dette gjerast etter spesielle retningsliner som sikrar pasientane forsvarleg behandling. Dette var bakgrunnen for at Helse Vests fagdirektør, Odd Søreide, bad Helsetilsynet i Sogn og Fjordane granske ortopediklinikken.

Snudd på flisa

I vekene som har gått etterpå har Helse Vest snudd på flisa. Tilbaketoget i brevet til Helsetilsynet gjer at saka no kjem til å bli raskt ekspedert av fylkeslege Petter Øgar i Sogn og Fjordane:

– Vi har oppretta ei sak, og må sjølvsagt avslutte den. Den faktiske situasjonen no er at både Helse Vest og andre som har uttalt seg, meiner at operasjonsmetoden i Lærdal er forsvarleg. Då er vel ganske opplagt kva resultatet vårt vil bli.

Overlege Truls Jellestad har ein avansert computer som hjelpemiddel under operasjonane i Lærdal. Pc-en viser kvar protesane skal plasserast. Føremona med computernavigeringa er, i følgje overlegen, at det hjelper ortopeden slik at protesane blir plasserte meir presis. Pasientane får mindre smerter og brukar kortare tid på opptreninga.

Helse Vest meinte det var lite og mangelfull vitskapleg dokumentasjon for at den nye teknikken gav betre resultat enn standard teknikk.

Faglege vurderingar

Då Helsetilsynet tok opp saka, bad dei om utgreiing og vurdering frå både Helse Førde og Helse Vest. Helse Vest har henta råd frå ekspertisen i det ortopediske miljøet i Helse Bergen og Nasjonalt kompetansesenter for leddprotesar.

Faggruppa slår fast at det blir betre plassering av protesane ved å bruke computernavigering, sjølv om skilnadene ofte er små. Men teknologien er ny, og bør normalt utprøvast i eit større ortopedisk fagmiljø. Det bør til vanleg ikkje vere slik at ein ortoped ved eit lokalsjukehus med lite fagmiljø, blir den første til å prøve ut ny teknologi.

I dette tilfellet meiner faggruppa det likevel kan forsvarast. Grunnen er at protesekirurgen i Lærdal, Truls Jellestad, lærte teknikken då han på slutten av 1990-talet var avdelingsoverlege ved eit større sjukehus i Essen i Tyskland. Han tok metoden med seg då han flytta tilbake til Noreg, og til slutt hamna som sjef på Ortopediklinikk Lærdal.

Av materialet som no er oversendt Statens helsetilsyn i Sogn og Fjordane går det også klart fram at Helse Førde kjende til det PC-baserte operasjonsutstyret som blei brukt på klinikken. Ortopedane ved Førde sentralsjukehus har attpåtil bedt om å få same utstyret. Helse Vest har tidlegare sagt at dei ikkje kjende til utstyret som var i bruk.

fakta/ortopediklinikken i Lærdal

  • Helsetilsynet sette i gang gransking av ortopediklinikken i Lærdal, samstundes med at saka om ulovlege innkjøp dukka opp. Helse Vest ville ha undersøkt om klinikken hadde drive forsking på pasientar.
  • Ein revisorrapport konkluderer med at det har skjedd brot på lov om offentlege innkjøp. Derimot går Helse Vest no tilbake på påstandane om at det blei drive utprøvande behandling.
  • Ortopediklinikken blei oppretta for to år sidan for å redusere ventelistene. Styra i Helse Førde og Helse Vest har gått inn for å kutte i drifta for å spare pengar. Vedtaket har skapt sterke reaksjonar i Indre Sogn.
DREIV FORSVARLEG: Helsetilsynet i Sogn og Fjordane er komen til at det ikkje er grunnlag for å kritisera overlege Truls Jellestad ved ortopediklinikken i Lærdal for arbeidet han har utført. ARKIVFOTO: ØYSTEIN TORHEIM
Øystein Torheim