Det var på eit møte på Høybråtens kontor at helseministeren kom med den kraftige reaksjonen. Overfor ein delegasjon som ville tale Lærdal-sjukehusets sak, karakteriserte statsråden kampen Sogn regionråd og fagpersonell ved sjukehuset har ført for å oppretthalde fødeavdelinga som rein obstruksjon.

— Det er korrekt at statsråden uttrykte uro over måten regionrådet har handtert saka på. Han var oppteken av at vedtaka som er fatta er lovlege. Han var klar i talen, seier leiar av regionrådet, Olav Wendelbo.

Men ikkje berre regionrådet fekk passet sitt påskrive. Høybråten refsa også jordmødrene som har sagt opp jobbane sine, fordi dei meiner ei forsterka fødestove ikkje vil gje eit fagleg forsvarleg tilbod til kvinnene i Indre Sogn.

Fekk kjeft

Med på møtet for å tale Lærdal-sjukehuset si sak var tre representantar frå fylkeskommunen og to frå Sogn regionråd. I tillegg til Wendelbo møtte også sekretariatsleiar for regionrådet, Alf Olsen jr. Fylket sine utsendingar var fylkesordførar Nils R. Sandal, KrFs gruppeleiar i fylkestinget, Svein-Ottar Sandal og sekretariatsleiar Knut Henning Grepstad.

Alle dei fem er svært varsame med å kommentere episoden der Dagfinn Høybråten tok bladet frå munnen. Men Bergens Tidende er kjend med at fleire av utsendingane rett og slett opplevde det som om dei fekk kjeft av statsråden for dei sterke protestane som har komme.

— Eg er ikkje i tvil om at det folkelege engasjementet i denne saka er ekte. Det meiner eg ærleg tala ikkje er til å kimse av, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.

— Føler du at det blir kimsa av?

— I alle fall har eg eit klart inntrykk av at det ikkje blir tatt omsyn til.

— Korleis tolkar du at det du oppfattar som folkeleg engasjement, blir omtala som obstruksjon av statsråden?

— Det fortel meg at dei som sit sentralt kanskje bør bli noko meir lydhøyre for kva folk meiner i området som blir berørt av vedtak som blir fatta.

- Ingen reprimande

— Dersom det eg sa blei opplevd som ein reprimande, var ikkje det meininga, seier Dagfinn Høybråten. Han forklarar bakgrunnen for det som blei sagt med at utsendingane frå Sogn regionråd kritiserte prosessen for å ha vore for dårleg.

— Eg gav uttrykk for at det kanskje ikkje berre var helseføretaket si skuld, når fødestovevedtaket frå dag ein har blitt motarbeidd av Sogn regionråd. Og dessutan at faggrupper i tillegg prøver å hindre gjennomføring av vedtaket, seier statsråden.

— Med det meiner du jordmødrene som sa opp stillingane sine?

— Ja.

— Men dei har heile tida sagt at dei gjer dette fordi dei meiner tilbodet til fødande i Indre Sogn blir så dårleg at dei ikkje finn det fagleg forsvarleg å jobbe der. Er det ikkje deira soleklare rett å seie opp?

— Eg aksepterer at det ligg ei alvorleg overtyding bak oppseiingane. Men det har vel heller aldri blitt lagt skjul på at dette er ein protest, og at dei på denne måten motarbeider gjennomføringa av vedtaket. Det er ei ærleg sak å vere ueinig i eit vedtak. Men samstundes å kritisere ein prosess som heile tida har blitt motarbeidd, er noko anna.

fakta/fødeavdelinga i lærdal

n Fødeavdelinga i Lærdal skal etter planen gjerast om til forsterka fødestove frå 1. januar.

  • Ei «luftbru» av jordmødrer frå sjukehuset i Lofoten skal sikre jordmordekninga dei første månadene av 2004.
  • Helse Vest stadfesta i styremøte denne veka fødestovevedtaket.
  • Den endelege avgjerda ligg hos helseminister Dagfinn Høybråten. På møtet tysdag gav helseministeren klart uttrykk for at han vil gjennomføre vedtaket om å gjere fødeavdelinga om til fødestove, om vilkåra som er sett blir innfridde.
  • Gravide der det på førehand er mistanke om at det kan bli komplikasjonar under fødselen, skal leggjast inn på andre sjukehus. Men naudkeisarsnitt skal framleis kunne utførast ved sjukehuset.
  • I Indre Sogn har det blitt avvikla store demonstrasjonar. Den siste så seint som sist laurdag då kring 1500 indresogningar gjekk i fakkeltog for sjukehuset sitt.