Korvidt tiltalte var i god tru, altså har trudd at barnet var over den seksuelle lavalderen, har inntil no ikkje hatt noko som helst å bety for skuldspørsmålet i slike saker. Norske domstolar har i årevis dømt folk, heilt uavhengig av om dei var i god tru med omsyn til offerets alder.

Villfarelse rundt alder har ikkje vore noko som helst tema i norske domstolar.

Ikkje før no.

Oppheva i Høgsterett

For den 29. november møter ein 22 år gammal mann i Fjordane tingrett, tiltalt for å ha hatt samleie med ei jente som på gjerningstidspunktet var under 14 år.

Det spesielle er at den same domstolen i fjor dømte 22-åringen til to års betinga fengsel i akkurat same sak. Statsadvokaten ønskte vilkårslaus fengselsstraff, og anka straffeutmålinga til lagmannsretten. I Gulating lagmannsrett kom forsvararen med opplysningar om at lovteksten i straffelova sin paragraf 195 faktisk står i motstrid til den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Lagmannsretten tok dette til følgje og oppheva dommen. Denne avgjerda har seinare blitt stadfesta av Høgsterett, som behandla saka to gonger — siste gong i plenum.

Dermed må påtalemakta starte heilt på nytt i lågaste rettsinstans med saka, og denne gongen går gjerningsmannen fri - vel å merke dersom retten finn at «ingen aktløshet kan legges gjerningsmannen til last» med omsyn til villfarelsen rundt fornærma sin alder.

Falsk legitimasjon

— Dette med villfarelse rundt alder har aldri tidlegare vore noko tema i norsk strafferett. Har bevisa vore gode nok elles, har tiltalte blitt domfelt uavhengig kor gammal han faktisk trudde fornærma var. No kan det lett bli eit tema i bevisføringa, noko som ikkje er udelt positivt, seier statsadvokat Jogeir Nogva, som var aktor i saka mot 22-åringen da den var oppe første gang.

Nogva trur ei endring av lovteksten i det aktuelle straffebudet no vil tvinge seg fram, men meiner at det skal svært mykje til for å bli frikjent etter den nye regelen.

— Lova set svært strenge krav til at ein tiltalt må ha vore aktiv for å få greie på alderen til den fornærma. Det held slett ikkje berre å ha spurt barnet om alderen, seier statsadvokaten.

— Falsk legitimasjon er ikkje uvanleg blant unge. Kva om ein slik har blitt brukt overfor tiltalte?

— Da er vi inne på slike forhold som faktisk blir interessant for domstolane å vurdere, seier Nogva.

Belastning for barna

— Kvifor er det negativt at det no blir opna for bevisføring rundt oppfatninga tiltalte hadde om fornærma sin alder i slike saker?

— Det er fleire grunnar. Ein er ønsket om enklast mogeleg bevisføring i straffesaker. Enda viktigare er kanskje omsynet til barna som er fornærma i slike saker. Her kan vi no få sjå bevisføring og vitneførsel rundt barnets tidlegare seksuelle erfaringar, vi kan få påstandar om kor erfaren og dreven den mindreårige er reint seksuelt, seier Nogva.

Det er ikkje berre påtalemakta som mislikar den endringa som no skjer på dette punktet. Også Stortinget har ønska å halde på den gamle lovregelen.

— Trøysta er at det er svært strenge krav for å late nokon gå fri etter denne regelen, seier statsadvokaten.

29. november kjem første prøvesteinen på den nye regelen. Kan den tiltalte 22-åringen bevise at han faktisk hadde all grunn til å tru at jenta var gammal nok, skal han i prinsippet frikjennast.

Fornærma i saka er ei jente som nyleg var fylt 13 år då overgrepet skjedde.