Det var i slutten av juni i fjor at mannen vart pågripen og avhøyrt, etter at ekskona hadde fatta mistanke. Då forholdet vart politimeldt hadde både barnevernet i kommunen og politiet vore inne i biletet.

Men tidleg i januar 2002, nesten eit halvår etter pågripinga, la påtalemakta bort saka etter bevisets stilling.

— Det har vore tatt opp dommaravhøyr av barna, og ein sakkunnig har gjeve uttale i saka, opplyser mannens advokat, Louis Anda. - Ingen av delene gav noko haldepunkt for den alvorlege siktinga mot min klient.

Begge dei to jentene var i førskulealder då dei påståtte overgrepa skal ha funne stad. Ifølgje advokat Anda må saka sjåast i samanheng med skilsmisseoppgjeret partane gjennomgjekk. Mannen er blitt nekta samver med dei to døtrene.

Kravet på 100.000 kroner omfattar oppreising og erstatning.