Det var etter eit basketak ved ein minibank i Florø sist påske at tenåringsguten vart pågripen. Då politiet kom til staden, låg han nede på bakken etter slagsmålet.

Spylevatn til toalett

I brevet, som har gått til ei rekke instansar — mellom anna politiets særskilte etterforskingsorgan Sefo, Justisdepartementet, Amnesty International og sivilombudsmannen - skriv mora at sonen hadde store nakkesmerter, blødande kutt i handa og forslått og oppskrapa ansikt då han vart hardhendt pågripen.

I brevet fortel mora, som er sjukepleiar, blant anna om følgande som sonen skal ha vore gjennom på cella:

— Varmekablene slås på eller skrus opp, varmen i gulvet øker og blir så høg at han har problemer med å holde hånden på gulvet eller stå i ro. Løsningen blir å sitte på kanten av toalettet med bena fri frå gulvet. (...) Alle forsøk på å få tjenestemennene til å skru ned varmen er forgjeves. (...) Roper og banker for å bli hørt. (...) Klærne prøver han å lage en støttekrage av, for å avhjelpe smertene i nakken. (...) Behovet (for vatn, red. merkn.) blir mer og mer desperat. Slimhinnene blir tørre limer seg til tenner, tunga kleber, men blir fortsatt nekta drikke i flere timer. (...) Får til slutt drikke - men tilbudet er å drikke fra spylevannet til avtredet, som tjenestemennene for anledningen slår på. Er så desperat at han lar seg fornedre på det groveste og drikker av dette vannet. (...) Fikk ikke legetilsyn til tross for smerter og total utmattelse. (...) Ble tatt ut til avhør i denne tilstand.

Måte å "mørne" folk på ?

Mora skriv i brevet at med alkohol i kroppen og slik dehydrering kan ein risikere dødsfall sjølv hjå unge, sterke individ: "Hos unge mennesker er kompensasjonsmekanismene ofte maksimalt strukket før de svikter, og da utvikler ofte situasjonen seg brått og dramatisk."

Kva skjer om ein blir medvitslaus, spør ho, og kan umulig sjå at dette er akseptabel framferd frå offentlige tenestemenn.

— Dette er ei spesiell sak, men den skal opp for retten og eg vil nødig kommentere den på førehand, seier gutens forsvarar, advokat Jan C. Dyngen.

I brevet stiller mora spørsmålet om dette er ein måte å "mørne" folk som skal i avhøyr på, eller om enkelte tenestemenn kan bære nag til ein person og på slike måtar tilfredsstiller eigne behov.

— I avhøyret etter opphaldet på cella erkjente min klient ting som han ikkje hadde gjort. Det seier det meste, seier advokat Jan C. Dyngen.

Ikkje undersøkt video

Dyngen fortel også at slagsmålet og pågripnga skjedde i eit videovervåka område like utanfor ein bank i Florø. Han har no bede banken undersøke om det finst opptak frå den aktuelle kvelden.

— Politiet har jo ikkje undersøkt om det finst videoopptak. Det kan sjølvsagt vere for seint no, seier Dyngen.

Straffesaka mot ungdommen er enno ikkje beramma for retten. Politimeister Kjell Ese i Sogn og Fjordane kan ikkje kommentere saka, ettersom han ikkje har sett klagebrevet frå mora.

I brevet avsluttar ho med at dette ikkje berre gjeld denne saka.

— "Målet mitt er at sikkerheten generelt må ivaretas for alle. Derfor vil og må eg bruke alle nødvendige instanser for å bli hørt." skriv ho.