Talet på overnattingar har første halvår vore like stort som på eit heilt år. Leiar Liv Teigen seier dei ikkje lenger greier å ta mot alle, og at senteret har blitt for lite.

— Vi har vore nøydde til å seie nei til kvinner som har søkt til senteret, opplyser Teigen. Sidan nyttår har senteret hatt 1179 overnattingar. 18 kvinner og 23 born har vore innom Krisesenteret. I same periode i fjor budde 16 kvinner og 14 born på senteret.

Når talet på overnattingar går så kraftig opp er grunnen at kvinner og barn blir lenger ved senteret. Dei har større trong for hjelp over lang tid.