Behandlingssenteret Små Enheter (BSE) AS kom i fjor på kant med barnevernet i Hordaland. Det offentlege betalte BSE AS nesten 13 millionar kroner for å ta seg av fem ungdommar, og fylket meinte dette var for dyrt.

Dei bad difor om å få vite kva pengane gjekk til, og fekk framlagt detaljerte budsjett for kvar enkelt klient. Av budsjetta, som Bergens Tidende har fått tilgang til, går det fram at det i 2001 skulle brukast mellom 85.000 og 108.000 kroner på psykiatriske tenester for kvar av ungdommane.

Tenestene skulle leverast av psykiater og overlege Stein Otto Bastiansen, som er tilsynslege for alle dei 12 klientane selskapet har.

— Heilt uforståande

Ifølgje fleire kjelder BT har snakka med, fekk Hordaland fylkeskommune opplyst at det totalt skulle kjøpast tenester av Bastiansen for over ein million kroner i 2001.

Dette skjedde aldri. Då Bergens Tidende i går konfronterte psykiater Bastiansen med tala, avviste han på det mest bestemte at han har fakturert for noko som liknar på desse summane.

— Dei tala stiller eg meg heilt uforståande til. Korleis administrasjonen i BSE AS har sett opp budsjetta, aner eg ikkje. Eg har i alle fall ikkje fakturert noko i nærleiken av 108.000 kroner per klient, og heller ingen millionbeløp totalt, seier Bastiansen.

Fekk ingen timetal

Barne- og familiekontoret i Hordaland oppfatta også budsjettala som påfallande høge, og ville difor vite kor mange timar Bastiansen skulle bruke på kvar av ungdommane. Det fekk dei ikkje.

— Svaret vi fekk, var at timetalet var svært variabelt. Spesifikasjonar klarte dei ikkje å skaffe fram, seier barneverndirektør Arne Andersen i Hordaland.

Disputten endte med at Hordaland svartelista BSE AS fordi dei oppfatta prisen som for høg og kvaliteten som for dårleg.

- Bomma på budsjettet

Dagleg leiar Dag Skådinn vedgår at dei ikkje har brukt psykiater Bastiansen så mykje som dei hadde tenkt.

— Eg ser av reknskapa våre at han har fakturert oss for ca. 560.000 kroner dei siste 12 månadane, seier Skådinn.

Dette er ifølgje Skådinn 350.000 kroner mindre enn budsjettert.

— Det er ikkje så lett å treffe presist på kvar einaste post i eit budsjett. Somme blir for store, andre for små – ikkje minst i ein oppbyggingsfase. Vi hadde eit driftsoverskot på vel fem prosent av omsettinga i år 2000, og reknar med omtrent det same i 2001. Det er ikkje meir enn vi må ha. Litt justering i forhold til budsjettet må aksepterast, så lenge totalrekneskapen viser at prisane har vore fornuftige, seier Skådinn.