I føremiddag gjekk igjen katastrofevarselet ut frå tårnet på Stord lufthamn. Men heldigvis berre som ei øving for naudetatane denne gongen. Slik var det ikkje i 1998 og 2006 då to fatale havari i kvar sin ende av flystripa kosta i alt 12 menneske livet.

— Eg var her ved begge ulukkene, og veit kor viktig det er med øvingar, seier lufthamnbetjent Helge Hellesø Lundgren ved Stord lufthamn Sørstokken. Grunna dårlege bein er han ikkje lenger med i brann- og redningsgruppa ved flyplassen, men var med å la praktisk til rette for øvinga i dag.

- Brann i cockpit

Katastrofemeldinga bak dagens øving gjekk ut på at eit fly i rute frå Oslo med 32 menneske om bord hadde brann i cockpiten og røykutvikling i kabinen. Etter landing skar flyet ut av rullebanen og brakk i to. Mange blei skadde og sende til sjukehus, tre omkom, ifølgje den teoretiske oppsummeringa.

— Øvinga fungerte greitt. Vi varsla først politivakta i Haugesund, som deretter varsla brann- og helseetatane. Dei første var her etter 17 minutt, seier lufthamnsjef på Stord, Jan Morten Myklebust.

Alarmen gjekk også til lufttrafikktenesta på Sola iog Flesland, hovudredningssentralen på Sola og operasjonssentralen til ruteflyoperatøren på Stord, DAT, men ingen av desse deltok i sjølve øvinga, der medlemmer av Røde Kors Hjelpekorps og studentar på Stord deltok saman med flyplassen sine eigne tilsette.

Oppgraderingar

Ifølgje lufthamnsjef Myklebust har Stord lufthamn føreteke store oppgraderingar av eigen bergingsberedskap etter ulukka på flyplassen i 2006.

— Vi har i dag to brannbilar som kvar tek 8000 liter vatn. Vi har fått ny redningsbåt, og eigen redningstilhengjar, seier Jan Morten Myklebust. Flyplassen har til ei kvar tid tre brannmenn på vakt i opningstida.

— Større katastrofeøvingar som i dag har vi annakvart år. I tillegg har vi mindre, halvårlege øvingar, og hyppige førstehjelpsøvingar, og vi øver jamnleg på øvingsfeltet til Haugesund lufthavn på Karmøy, seier Myklebust.