I år trefte haustferien på ei skikkeleg våt veke. Bygene har vore nesten spektakulære med litt hagl blanda inn i ny og ne. Men ikkje alle deppar:

På Geofysisk Institutt arbeider folk som ser på vêret med fascinasjon.

— Desse journalistane er jammen rare, seier Jan Asle Olseth fleipande i telefonen til ein kollega.

— No skal dei vite kor mykje det har regna sidan haustferien begynte sist fredag klokka fire.

Nedbørsdøgnet

Kollegaen i tårnbygget på Nygårdshøyden lovar å sjå på det.

Nedbøren vert målt frå klokka åtte om morgonen til neste morgon klokka åtte. Då må ein ikkje spørja om klokka fire sist fredag.

Det offisielle nedbørsdøgnet er det Metereologisk Institutt som måler.

Kvart tiande minutt

Geofysisk Institutt har sine eigne målingar som rapporterer kvart tiande minutt. Resultatet går rett ut på internett for dei som er interessert. Her finn du målingane frå dei siste 24 timane.

Det meste som er målt på ti minutt er 5,4 mm. Det var den 19. September i 2006.

— Her ser vi i alle fall at det er opphald mellom bygene, seier Olseth og peikar på pc-skjermen.

Våt haustferie

Så ringer telefonen igjen: Sidan haustferien starta fredag klokka fire til klokka 1300 i dag (torsdag), har det regna 83,6 mm.

Det fins ikkje offisiell haustferie-nedbørsstatistikk, men vi tar sjansen på å utropa årets ferieveke til tidenes våtaste.

— Over eit område som er eit mål stort, vil ferieregnet vega 83,6 tonn, seier Olseth etter å ha rekna litt.

— Men det er likevel småtteri i forhold til katastrofenatta og rekordregnet då raset gjekk i Hatlestad Terasse. Då kom 156,5 millimeter berre på eit døgn.

Regn og Hiroshimabomber

— Regn er fantastisk interessant, seier Olseth.

— Det kjem innover oss fantastiske mengder med vatn som er fordampa ute i havet. Ei slik fordamping brukar store mengder energi. Dampen ber denne energien i seg, forklarar første amanuensisen.

— Når denne dampen når land og blir pressa opp i kaldare luftlag, skjer det ei kondensering. Dampen vert til vatn igjen. Dette har vi lært på skolen alle saman, seier Olseth.

— Men då vert all energien frigjort. Og det er ikkje småtteri.

— Om det regnar ti millimeter i løpet av ein time over eit område på 10 gange 10 kilometer, vert det utløyst like mye energi som ei Hiroshimabombe kvart andre minutt!

— Dette skjer heldigvis ikkje som ein eksplosjon, men energien skapar voldsomme luftstraumar og høgare temperatur.

Men no er det nok.

- Er du så fascinert av ver at du aldri får nok?

— Nei. Eg meiner også at det no må vera nok regn snart.

Jo Hjelle